Pregar alle i Askvoll: – Vi vil trenge enda fleire folk som kan delta i leiteaksjonen

ASKVOLL (NRK): Leitinga etter ein mann i 30-åra held fram utover natta i Askvoll. Lensmann og ordførar legg ikkje skjul på dette er ei tragisk hending som pregar alle i den vesle kommunen.

Lensmann Åge Løseth og ordførar i Askvoll, Ole Andre Klausen i samband med leiteaksjon.

SAMLA: Lensmann Åge Løseth og ordførar Ole Andre Klausen jobba tett saman torsdag kveld. Leiteaksjonen pregar heile Askvoll.

Foto: Julianne Flølo / NRK

– Sånne tilfelle vil heilt klart prege eit lite lokalsamfunn. Alle tankar går til dei pårørande no i kveld, seier ordførar Ole Andre Klausen til NRK.

Mannen skulle ut og sjekke krabbeteiner torsdag ettermiddag, då han truleg har falle ut av båten.

– Båten blei funne i Granesundet tidlegare i dag og i halv femtida blei mannen meld sakna av pårørande. Då blei det starta ein stor leiteaksjon som pågår framleis, fortel lensmann Åge Løseth.

Torsdag kveld held leiteaksjonen fram for full med fleire båtar på sjøen og mannskap frå Norske Redningshundar og Røde Kors som søker langs land.

– Det har vore stort tal frivillige med båtar, og eit større tal personar som går langs strendene. Vi kjem til å halde fram utover natta og ta opp att leitinga i morgon tidleg, seier Løseth.

Leiting etter sakna i Askvoll. #Staveneset #Askvol.: #redningsskøyta Utvær i søk etter savnet person.

LEITAR: Mannskap på redningsskøyta "Utvær" i søk ved Staveneset torsdag kveld.

Foto: Redningsselskapet

Treng fleire til å leite

Både han og ordføraren rosar dei som har stilt opp i leiteaksjonen så langt både av frivillige og frå naudetatane.

– Vi vil trenge enda fleire folk som kan delta i leiteaksjonen når det lysnar av dag i morgon tidleg, seier Løseth.

På grunn av vêrtilhøva på staden har redningshelikopteret returnert til basen i Florø.

Men redningsskøytene "Halvdan Grieg" og "Utvær" deltek i leitinga. Det gjer også ambulansebåten og brannbåten i Askvoll, samt Røde Kors-båten frå Florø.

– Det er mange frivillige småbåtar i søk og KV "Tor" er på veg inn i området for å delta, opplyser Hovudredningssentralen seint torsdag kveld.

KV "Tor" er eit av Kystvakta sine mindre fartøy som ofte blir brukt i slike leiteaksjonar langs kysten.

Leiteaksjon i Granesundet i Askvoll.

LEITAR ETTER MANN: Helikopter blei sett inn i søket etter ein sakna mann i Granesundet i Askvoll.

Foto: Jeanett Solheim

Har samla krisestaben

Kommunen og naudetatane har etablert stab på Askvoll sjøbuer.

– Vi er i gang med å setje krisestab og vi følgjer med på redningsaksjonen, seier ordførar Klausen.

Søkeområdet er no frå Askvoll, gjennom Granesundet og opp mot Stongfjorden og Staveneset.

Redningsleiar Erik Walle på Hovudredningssentralen for Sør-Noreg, opplyser at redningsskøyta har med dykkarar og at leitinga held fram med full kraft.

– Vår hovudteori er at han har hamna i sjøen, stadfestar lensmann Åge Løseth.

Leiteaksjon i Granesundet i Askvoll.

MED OG LEITAR: Alle fartøy i området er sett inn i leiteaksjonen.

Foto: Jeanett Solheim
Leiteaksjon i Granesundet i Askvoll.

LEITAR: Ei rekkje båtar er sett inn i leitinga etter mannen.

Foto: Jeanett Solheim
Leiteaksjon i Granesundet i Askvoll

STORT OMRÅDE: Granesundet går mellom Atløy og fastlandet i Askvoll.

Foto: Jeanett Solheim