Klokka 11:15 i dag vart det gjort funn av ein gut som politiet meiner er sakna.
Han vart funnen død utandørs i terrenget, opplyser politiet.
Politiet skriv i ei pressemelding at dei etterforskar hendinga. Det er ingenting som tyder på at noko kriminelt har skjedd.
Politiet har varsla næraste pårørande og kriseteamet i kommunen er også varsla.
Til saman var over 50 personar frå Røde Kors, Norsk Folkehjelp, Sivilforsvaret og Norske Redningshunder med i leiteaksjonen.
Leiteaksjonen gjekk føre seg ved Hafslo i Luster.