Hopp til innhold

Frakteskipet skulle til å dra - plutseleg sette motoren i revers

Lastebåten «Silver Pearl» skal ha mista styringa før den dundra inn i kaien i Måløy.

Lastebåt i kaien i Måløy

KRASJA: Det er store materielle skadar på både frakteskipet og kaiområdet etter samanstøyten.

Foto: Erling Wåge

Det blei store skadar då frakteskipet «Silver Pearl» plutseleg bakka rett i kaien i Måløy i Vestland laurdag klokka 13.

– Då skipet gjekk frå kai og skulle dra sørover, ser det ut til at det mista alt av motorkraft og styring, ein såkalla «blackout».

Det seier Morten Andreas Hagen, innsatsleiar Vest politidistrikt, Måløy, til NRK.

Lasteskip krasja med kai Måløy

Mannskapet mista plutseleg kontroll på båten.

Foto: Erling Wåge

– I utgangspunktet betyr det at dei mister kontroll på systema om bord. Det kan vere at alt av straum forsvinn så dei mister både styring og høvet til å handtere båten på ein normal måte, seier hagen.

Han fortel at det 95 meter frakteskipet gjekk automatisk over i full revers.

– Den gjekk rett i kaien på intercomterminalen på to plassar. Det er kort tidsramme, så dei har ikkje rukke å gjere så mykje med det.

Et lasteskip dundret i kaien i Måløy i Vestland.

Et lasteskip dundret i kaien i Måløy i Vestland.

Veit ikkje om det var menneskeleg svikt

Ingen personar er skadde, og det er heller ikkje fare for lekkasjar. Hagen seier brannvesenet har vore på staden og sjekka.

– På båten er det skadar på styrbord side og ganske store skadar bak på hekken. Kaianlegget har fått skadar der den traff først, og ein del skadar ved punkt to, der ein del ting står på kaia og er øydelagd, seier Hagen.

Dette er eit område der cruiseturistar går i land, men det skal bli rydda og ikkje påverke turismen, ifølgje innsatsleiaren.

Det står att å finne ut om det var menneskeleg eller teknisk svikt som førte til blackouten.

Skade på hekken til «Silver Pearl»

Frakteskipet «Silver Pearl» fekk store skadar i hekken.

Foto: Erling Wåge

Sjøfartsdirektoratet skal undersøke

Sjøfartsdirektoratet er varsla, og Veritas skal truleg undersøke kva som har skjedd.

Skipet skal no bli liggande til direktoratet har vore innom, ifølgje politiet.

Politiet opprettar sak og har tatt beslag i diverse utstyr på båten. Dei gjer også avhøyr av aktuelle personar.

Politiet vil undersøke saka breitt og sjå om det kan vere andre årsaker til krasjen i kaien. Det er ikkje mistanke om at nokon var ruspåverka.

Det er store materielle skadar på båten, og den må truleg i dokk for reparasjon.

Frakteskipet «Silver Pearl» i Måløy

Båten må ligge til kai til Sjødirektoratet har undersøkt det.

Foto: Erling Wåge