Hopp til innhold

Stor lastebåt dundra i kaia i Måløy

Laurdag klokka 13 dundra ein stor lastebåt i kaia i Måløy.

Det 95 meter lange fraktskipet «Silver Pearl» har dundra inn i kaia med hekken. Det er synlege skader både på båten og på kaia i Måløy sentrum.

Ifylgje politiet på X har ingen personar kome til skade. Båten som krasja i kaia er 95 meter lang. Politiet på staden seier til NRK at dei har avhøyrt kapteinen, men vil ikkje seie kva han har forklart.

Det er anten teknisk eller menneskeleg svikt som er årsaka til kollisjonen.

Det er store materielle skadar på båten, og den må truleg i dokk for reparasjon.