Ordkrigen er i gong for onsdagens NM-semifinale mellom Brann og Stabæk.
Sentralt i det heile: Grasmatta kampen skal spelast på.
For at kampen skal spelast på Nadderud, fell ikkje i god jord hjå alle.
Sjølve kvaliteten på grasmatta er det som har sett sinna i kok. Banen er mellom anna blitt kalla ein «potetåker». Grasrøtene har nemleg ikkje fått sett seg skikkeleg, etter at det la seg is på banen i vinter, opplyser klubben.
Brann-spelarane tek gjerne ordet åker i bruk når dei skal snakke om Stabæk-arenaen.
Banen på Nadderud har fått mykje kritikk etter dei første Eliteserien-kampane. Dette biletet er frå da Stabæk møtte Odd på stadion.
Foto: Trond R. Teigen / NTB– Er det er krig Stabæk vil ha på åkeren sin, så skal dei få det. Me har krigarar på laget som gjer det som skal til, seier Brann-ving Ole Didrik Blomberg.
Har blitt snakkis i Brann-leiren
Venstreback David Møller Wolfe trur Brann vil merka den dårlege matta.
– Med litt hump og sprett blir det sikkert ein feilpasning eller to meir enn kva me pleier å ha. Det får me berre leva med, seier Møller Wolfe.
Brann har snakka om banen, seier backen.
– Me kan ikkje leggja noko fokus på det. Me skal spela akkurat som me plar. Om me inviterer til andreballskamp og lempar ballen opp i lufta er det til fordel for Stabæk, seier Møller Wolfe.
Bla gjennom bileta frå stadion her:
Slik såg Nadderud stadion ut tirsdag.
Like speleforhold som i helga
– Den kjem til å vera jamn og fin når kampen byrjar, og så blir den harva opp etter kvart. Då blir det humpete og ujamt, er Stabæk-trenar Lars Bohinen sin spådom.
Han trur det kjem til å vera like speleforhold som då Stabæk tok i mot Haugesund i eliteserien i helga.
– Dette er ein bane som det aldri skulle vore spelt fotball på. Den er verre enn det de ser på TV-skjermen, sa FKH sin fysioterapeut Ørjan Sørhus til Haugesunds Avis etter kampen sundag.
Det var etter at FKH-midtstoppar Claus Niyukuri måtte gå av med skade etter berre førti sekund spelt.
Lars Bohinen meiner det er for mykje fokus på kvaliteten på grasmatta på Nadderud.
Foto: Mats Torbergsen / NTBLegg om stilen på heimebane
Bohinen seier at Stabæk sjølv legg om spelestilen litt på heimebane.
– Det inneber at me tek mindre risiko i spelet vårt. Me ønsker eigentleg å ha ballen på bakken og spela ein annan type fotball enn det me gjer her, seier Stabæk-trenaren.
Bohinen trur ikkje det vil bli like lett for bortelaget å spela «Brann-fotball», hurtig langs bakken, på Nadderud som heime på Brann Stadion.
Trenar Eirik Horneland seier dei likevel vil prøva å spela slik dei plar.
– Så får me sjå om me justerer oss undervegs, seier Brann-trenaren.
Han skulle ønska det var større fokus på kvaliteten til banane i toppfotballen.
– Eg synest det burde stillast større krav til fotballbanar, for det er ein viktig del av produktet som me skal selja og by fram.
Brann-trenar Eirik Horneland meiner det bør vera meir fokus på kvaliteten til underlaget i norsk fotball.
Foto: Javad Parsa / NTBStabæk-trenar Bohinen meiner derimot det er for mykje fokus på korleis matta på Nadderud ser ut.
– Det er veldig mykje støy knytt til korleis banen ser ut, men me bur trass alt i Noreg, seier han.
Onsdagens kamp kan sjåast på NRK her.