Tunneldrivinga har gått frå begge sider, men i dag møttest dei to arbeidslaga midt i tunnelen.
– Det vart markert med skåling med brus i glasa på røysa, og med kake og kaffi etterpå. Dei fleste av arbeidarane på anlegget var med på feiringa, fortel prosjektleiar Oddvin Ylvisaker i Statens vegvesen.
– Meir attraktiv
GLEDE: Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, og prosjektleiar Oddvin Ylvisaker.
Foto: Alf Vidar SnælandI juni 2014 blir veganlegget opna, og då vil E16 bli langt meir attraktiv å køyre, seier Ylvisaker.
– Denne tunnelen gjer at folk slepp å køyre det som i dag er den mest kronglete delen av vegen over Filefjellet, mellom Borlaug og Maristova. På denne strekninga er det og fire rasutsette punkt som bilistane slepp å engste seg for frå neste sommar.
(Artikkelen held fram under biletet)
SOM SMURT: Onsdag kunne dei to arbeidslaga møtes midt i Borlaugstunnelen.
Foto: Alf Vidar Snæland1,76 milliardar kroner
Ylvisaker fortel at det er høg standard på den nye tunnelen, den er ein meter breiare enn dei andre nye tunnelane på E16 i Lærdal. Også stigningsforholda blir betre.
I 2016 skal heile strekninga over Filefjellet vere ferdig. Der vegen ligg ute i dagen skal den hevast over dagens nivå for at det skal vere lettare å halde den open om vinteren.
På strekninga forbi Nystova mot Tyinkrysset kjem det ein ny tunnel på om lag seks kilometer.
Alt i alt kostar utbygginga av E16 over Filefjellet 1,76 milliardar kroner.