Hopp til innhold

Stor interesse for kronprinsparet

Medieinteressa for kronprinsparet sitt besøk til Sogn og Fjordane er rekordstor.

Kronprinsparet.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / Scanpix

Aldri før har det blitt akkredidert så mykje pressefolk til eit kongeleg besøk her i fylket som til besøket om knappe to veker.

- Mette-Marit mest pop

Femti journalistar og fotografar frå fleire land vil følgje kronprinsparet på den tre dagar lange turen. Blant anna kjem det pressefolk frå både Sverige, England og Tyskland.

Fylkesmann Oddvar Flæte trur det er kronprinsesse Mette-Marit som er sjølve trekkplasteret

- Det er særleg kronprinssessa som mange er opptekne av. Ho har jo vore eit populært medieobjekt.

- God marknadsføring

Besøket startar på Bulandet 5.  september før turen går vidare til Florø, Sandane, Stryn, Hornindal og Eid, der den vert avslutta 7. september.

Flæte ser på dette som ein kjempesjanse for Sogn og Fjordane til å vise seg fram.

- Viss vi er flinke til å presentere eit moderne og framtidsretta fylke med vakker natur, då er vi med på å selje fylket.