Hopp til innhold

Bygdefolk strøymer til for å hjelpe etter storbrann

Folk i bygda gjer alt dei kan for å hjelpe gardbrukarane som såg livsverket gå opp i flammar. Kring 150 dyr kan ha mista livet.

Anders Felde på branntomta etter fjøsbrann på Gåsemyr i Våtedalen på Byrkjelo i Gloppen

FORTVILA: Nabo Anders Felde er full av medkjensle med dei råka gardbrukarane.

Foto: Bård Siem / NRK

– Eg fekk beskjed klokka 21 i går om at det brann. Då var det berre å få både møkkavogner og dyrevogner på hjul, og reise opp.

Det seier nabo Anders Felde. Han er også leiar i Vestland bondelag og er full av medkjensle med dei råka gardbrukarane.

Inne i den utbrende driftsbygningen ligg døde dyr på rekkje og rad. Det er ei dyster stemning kring branntomta.

Det er framleis uklart kor mange dyr som har gått tapt. Det skal ha vore om lag 230 dyr på garden.

Politiet opplyser at vel 60 storfe vart berga ut før flammane tok overhand.

Bygdefolk strøymer til for å hjelpe etter storbrann
Bygdefolket gjer alt dei kan for å hjelpe dei gardbrukarane som såg livsverket gå opp i flammar. Kring 150 dyr kan ha mista livet.

Bygdefolk strøymer til for å hjelpe etter storbrann.

Folk gjorde det dei kunne for å hjelpe

Fjøsen er ny og blir brukt til storfe og mjølkeproduksjon.

Felde fortel at mange bønder og naboar kom til for å hjelpe i går kveld og i natt. Folk hjelpte til med å legge ut slangar og å flytte dyr.

Fleire kom til med transportvogner for dyr og gyllevogner som kan pumpe store mengder vatn.

Det var sterke inntrykk som møtte naboane til den brannråka storfjøsen.

– Det var ei overtent bygning, det var dyr overalt og folk overalt. Dyra som hadde blitt berga ut sprang oppe i bakkane i mørket. Det var mørkt, svart og eit forferdeleg syn, seier Felde.

Familien på garden er tydeleg prega av det som har skjedd, og ønskjer ikkje å uttale seg til media.

Dyra som overlevde blir no plasserte kringom hjå andre bønder i området.

– Det å ta vare på dyra er eit viktig bidrag. Dei blir tatt vare på, seier Felde.

Nedbrent Fjøs, Byrkjelo i Nordford.

Lite er igjen av den store fjøsen på Byrkjelo.

Foto: Alf Vidar Snæland

Sterke inntrykk

Ordførar i Gloppen kommune Leidulf Gloppestad (Sp) er sjølv mjølkebonde. Han seier det har vore sterke inntrykk både i går kveld og i dag.

– Det er ei forferdeleg tragedie, med store lidingar for dyra.

Gloppestad har stor medkjensle for gardbrukarane og seier Byrkjelo og Gloppen er lokalsamfunn der folk tek vare på kvarandre.

– Her var ufatteleg med folk på plass, folk kom med mat og vogner for å hjelpe til.

Kommunen har eit kriseteam som er tilgjengeleg for gardbrukarane, i tillegg til landbruksfagleg kompetanse som kan hjelpe dei vidare.

– Det handlar om å syne omsorg og omtanke, og støtte dei i prosessen dei går gjennom, seier Gloppestad.

Han er også full av lovord til brannvesenet som hindra brannen i å spreie seg. Det var til dels kraftig vind då brannen var på det sterkaste, og husa på tunet står tett.

Dyr blir frakta vekk etter brann i fjøs på Gåsemyr, i Våtedalen, på Byrkjelo i Gloppen

Dyra blir frakta vekk etter storbrannen.

Foto: Bård Siem / NRK

Eit livsverk har gått opp i flammar

Storbrannen på Byrkjelo starta i driftsbygninga på garden fredag kveld. Politiet vil ikkje gå nærmare inn på kva dei trur er brannårsaka.

– Vi er heilt i starten av etterforskinga. Fyrst må vi snakke med dei som var på staden for å danne oss eit bilete, seier politioverbetjent Nils Ove Roset.

Kriminalteknikar er rutinemessig på staden.

– Det er ei stor dyretragedie, det er og store materielle skadar. Dette er eit av dei største gardsbruka i regionen, og det er eit livsverk som har gått opp i flammar, seier Roset.

Då brannmannskapa kom fram hadde flammane alt spreidd seg til taket. Det var eigaren av fjøsen som meldte inn brannen.

Medan flammane tok tak starta kampen for å berge dyra ut. Fire dyr måtte avlivast på staden.

Traktorar i forbindelse med brannen på Byrkjelo.
Foto: Eva Marie Felde / NRK

Sjeleglad for at ikkje menneskeliv gjekk tapt

Framleis jobbar bøndene i bygda med å fordele kyr utover ulike fjøsar i området. Ytterlegare tjue fordeler dei i morgon.

– Eg er berre sjeleglad for at alle menneske er fysisk uskadde, og at brannen ikkje spreidde seg, seier Anders Felde.

Felde seier gardbrukarane har det tøft.

– Dei har det veldig tøft, alt er kaotisk, og det går frykteleg inn på dei. Vi som er bygdefolk skal gjere alt for at dei skal kome i gang med liva sine igjen. Slikt sett seg fast i folk.