Stor flåttbitrisiko

Det er tre gonger større risiko for å bli sjuk av flåttbit i Sogn og Fjordane enn i Hordaland, viser tal frå Folkehelseinstituttet.

Flått
Foto: Per Simon Mustvedt / NRK

Kommuneoverlegen i Gloppen, Halvard Wannag Sele, seier det er born og menn som oftast blir råka.

- Mange born blir bitne, og den karakteristiske ringen rundt bitet blir ikkje oppdaga før etter ei stund. Menn blir ofte bitne under hjortejakt. I Hyen var det eit jaktlag som rapporterte at dei gjekk i ei sky av flått.

Han sier det er viktig at flåttbita blir oppdaga tidleg, for det er først når det går lang tid det kan bli farleg.

Verst i Agder og Telemark

 

Kommuneoverlege Halvard Wannag Sele
Foto: NRK

Tal frå Folkehelseinstituttet viser at Sogn og Fjordane er det vestlandsfylket der det er størst risiko for å bli sjuk av flåttbitt. På landsbasis er det berre i Agder-fylka og Telemark det er fleire tilfelle av sjukdom på grunn av flåttbitt. Kommuneoverlege Halvard Wannag Sele er usikker på grunnen til at folk i Sogn og Fjordane blir oftere råka enn andre.

- Vi veit ikkje årsaka, anna enn at det kan vere meir flått her, og meir flått som gir infeksjonar.

Dei fleste ikkje sjuke

Flåttbitt kan føre til infeksjonen Lyme borreliose. Dei aller fleste som blir bitne blir ikkje sjuke.

- Det er ikkje slik at folk som blir bitne automatisk blir sjuke, men folk må vere nøye med å undersøke om det kjem raude ringar rundt bitet.

Men dersom det går lang tid før folk oppdagar at dei er bitne, kan konsekvensen bli behandling på sjukehus.

 Fylgjer hjorten

Insektsforskar Reidar Mehl seier det er fleire årsaker til at det er så mykje flått i Sogn og Fjordane og at det varierer frå år til år kor mykje det er av dette insektet. Det som er avgjerande for talet på sjukdomstilfelle er kor stor del av flåtten som har borrelia. Det varierer frå stad til stad. Er det mykje hjortedyr blir det mykje flått, for då blir det stor produksjon av hoflått. Og kvar vaksen hoflått som legg egg får 2000 larvar. Og held hjorten seg nær busetnad er risikoen større for at folk blir bitne. Men  flått som går på hjort har ikkje borrelia, for hjortedyra har stoff i kroppen som drep borreliasmitten. Det er når det er lite hjort det blir mest borreliasmitte, for då går flåtten på smågnagarar og fugl.

Bort innan eit døger

For å unngå sjukdom bør folk få av seg flåtten, for får ein den av innan eit døger etter at ein er biten, er risikoen for smitte svært liten. Og skal ein unngå å få flåttbit, er rådet frå Mehl å gå med kle og sko som gjer at flåtten ikkje kjem inn til huda.