Hopp til innhold

Fare for snøskred: Ber folk vere varsame

Folk som har tenkt seg på ski i helga bør følgje med på skredvarslinga og vere varsame, åtvarar NVE.

Snøskredfare

STOR SNØSKREDFARE: NVE varslar faregrad 3, betydeleg.

Foto: Varsom.no

Varsom.no, NVEs si varslingsteneste for mellom anna snøskred, viser faregrad 3 i regionane Sogn og Fjordane, Voss og Røldal.

– Ein enkelt skikøyrar kan lette utløyse snøskred i bratt terreng. Det er ustabile forhold i desse områda, seier Karsten Muller hjå varsom.no

– Vurder din eigen kunnskap

Mykje snø i fjellet og skikkeleg ruskevêr i helga er grunnen til åtvaringa frå NVE.

– Det skuldast mykje snø kombinert med vind, og at det også finst stader med overflaterim der snødekket kan kollapse og føre til brot. Det er det som set i gang snøskred.

– Bør folk la vere å køyre utanfor løypene?

– Ein kan godt køyre puddersnø i terreng som er slakare enn 30 grader, og halde avstand frå veldig bratt terreng der det kan gå skred. Dersom ein ikkje er i stand til å vurdere skredfaren, bør ein halde seg i preparerte løyper, seier Muller.

Varselet gjeld heile helga

Folk bør setje seg inn i situasjonen før ein tek turen ut i fjellet i helga.

– Vi ventar eigentleg at situasjonen blir omtrent uendra dei neste to døgna. Det er framleis venta ein god del nysnø og vind, vi ser ikkje ei forbetring dei neste dagane.

– Folk bør følgje med på skredvarslinga og gjere gode vurderingar, seier Muller.