– Det er særleg i natt og i løpet av morgondagen at ein verkeleg vil merke at uveret set inn, fortel Brigt Samdal ved NVE.
For tida er varslinga deira på nivå tre både når det gjeld snø- og jordskred og flaumfare.
Det tyder at det er ein betydeleg fare for alle tre. I løpet av dei neste timane er det venta at snøskredvarselet vil bevege seg opp på nivå fire på store delar av Vestlandet.
Det er det høgste nivået Noregs vassdrags- og energidirektorat opererer med, og tyder at det er stor fare for snøskred i fjella.
– Det betyr at det vill gå mange snøskred på Vestlandet det neste døgnet, og det treng ikkje å vere utløyst av skikøyrarar, seier Samdal.
Her kan du sjå NVE sine oppmodingar til folk i julehelga:
VER VARSAM: NVE oppmodar folk om å ta sine forholdsreglar når julehelga blir både våt og vill.
Det at uveret kjem ved inngangen til julehelga, har allereie skapt litt vanskar i trafikken. Samdal i NVE fortel at det generelt er eit litt uheldig tidspunkt dersom det skulle kome store skader i samband med uveret.
– Det er jo heilt klart litt tynnare i rekkene også ute i kommunane no inn mot jula, men vi får berre håpe at alle er godt førebudde dersom det skulle skje noko.
– Heldigvis er det mange som legg ned ein veldig viktig innsats for å setje kommunane i beredskap i tilfelle det blir riktig ille, seier Samdal.