Hopp til innhold

Stor bustadmangel – Mirjam og Kjartan gjekk frå dør til dør

Mens tilflyttarar er på bustadjakt, står mange feriehus i distriktskommunar tomme. Demografiutvalet foreslår skattefritak for utleigarar.

Stor bustadmangel – Mirjam og Kjartan gjekk frå dør til dør

MOGLEGHEITER: Mirjam Kreisel og Kjartan Haaland brukte tid på si bustadjakt, men meiner det ikkje er umogleg. – Det finst moglegheiter.

Foto: NRK SOGN OG FJORDANE / NRK SOGN OG FJORDANE

– Vi blei overraska då vi kom inn. Det var eit stort og fint tømmerhus med mykje potensial.

I eit kvitt trehus litt utanfor Nordfjordeid sentrum i Stad kommune har Mirjam Kreisel og sambuaren Kjartan Haaland funne seg vel til rette.

Fjord, fjell og friluftsmoglegheiter lokka det unge paret til Nordfjord i fjor sommar. Dei fekk seg jobb, men å finne hus skulle vise seg å vere vanskelegare.

Utleigemarknaden var skrapa, og søk på Finn.no og Facebooksider var utan resultat. Då tok dei grep sjølve, og gjekk frå dør til dør.

– Vi har nok banka på 50 til 100 dører, smiler Haaland.

– Alle var hjelpsame, men ofte var det ikkje mogleg å bu i husa fordi eigaren meinte standarden ikkje var høg nok eller det vart brukt som feriebustad, fortel Kreisel.

Lønner seg ikkje

– Dette er ikkje Stad aleine om, seier Lillian Hatling, seniorrådgjevar ved Kompetansesenteret for distriktsutvikling.

Saman med Kommunal- og moderniseringsdepartementet har dei fått utarbeidd ein rapport som ser på kva bustadtilgang har å seie for rekruttering av arbeidskraft i distrikta.

På spørsmål om kva som er viktige årsaker til rekrutteringsutfordringane, svarar 25 prosent av respondentane som har slike utfordringar at manglande tilgang på eigna bustader er ei viktig årsak.

Rapporten er også omtala i Fjordabladet.

Feriehus som stort sett står tomme er velkjent i distriktskommunar som i deler av året har stor aktivitet.

– Omsetnadsverdien er så låg at det ikkje lønner seg for dei som til dømes arvar ein bustad å legge den ut på marknaden. Mange har også ei kjenslemessig tilknyting til husa, og vel å ha det som fritidsbustad, seier Hatling.

Mange huseigarar tener dessutan meir via korttidsutleige, som Airbnb, enn om dei leiger ut huset for lenger tid.

Hatling meiner det ikkje finst éi enkel løysing for distriktskommunar som har bustadmangel, men at det krevst eit sett av verkemiddel.

Eit konkret døme er forslaget frå Demografiutvalet om skattefritak for å stimulere utleigemarknaden i distrikta.

– Eit paradoks

– Det er ikkje god ressursbruk at gode hus på bygdene står tomme med mørke vindauge store delar av året, meiner Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V).

Det siste halve året har dei opplevd auka trykk frå folk som vil busetje seg i kommunen. Samtidig har utleigemarknaden vore støvsoge, fortel han.

No ønskjer kommunen å prøve ut ordninga med skattefritak for å stimulere utleigemarknaden.

– Flest mogleg som sit på godt buande hus ute i bygdene, bør gjer dei tilgjengelege, seier han.

Han legg til at kommunen også jobbar med å regulere nye bustadområde og bygge meir.

Ordførar i Stad kommune, Alfred Bjørlo

VIL HA LYS I VINDAUGA: – Hus som blir ståande tomme blir dårlegare dag for dag, seier Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V). Han ønskjer at fleire leiger ut feriehusa sine som faste bustader.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Vennepar på bustadjakt

For Mirjam Kreisel og Kjartan Haaland enda husjakta då dei kom i prat med ein mann som klipte plenen utanfor huset dei no bur i. Dei fekk flytte inn omtrent på dagen.

Dei siste vekene har eit vennepar budd hos dei, også dei på husjakt.

– Heile området er tomt uansett kva du skrur av og på av filter, seier Laurids Bartling.

Men han og kjærasten Ragnhild Pedersen Indresand har no funne ein mellombels bustad fram til noko meir permanent dukkar opp.

Indresand meiner folk på husjakt ofte ikkje har så høge krav til standard som mange huseigarar kanskje trur.

– Eg trur det er potensial i mange hus som står rundt her, seier ho.

Det er også erfaringa til Kreisel og Haaland. Med måling, vaskemiddel og innsats kjem ein langt, meiner Haaland.

– Det er ikkje alltid så mykje som skal til for å puste liv i eit gammalt hus.

Kjartan Haaland, Mirjam Kreisel, Ragnhild Pedersen Indresand og Laurids Bartling har flytta til Stad kommune

VIL BU I STAD: Fjord, fjell og hav lokka Kjartan Haaland frå Stavanger, Mirjam Kreisel frå Austerrike, Ragnhild Pedersen Indresand frå Narvik og Laurids Bartling frå Danmark til Stad kommune.

Foto: Benedikte Grov / NRK