Stor budsjettsprekk
Den nye gymsalen ved Kalvåg Oppvekst vert 47 prosent dyraren enn Bremanger kommune hadde rekna med, skriv Fjordenes Tidende. Budsjettet var på 21 millionar kroner, men no viser nye kalkyler at det vert 10 millionar dyrare. Den gamle gymsalen er alt riven, så trass i budsjettsmellen må dei gå vidare med planane om å bygge ny gymsal.