Hopp til innhold

Stor auke i ulovleg tagging

Den ulovlege grafittien breier om seg i Bergen.

Grafitti

Døme på lovleg grafitti frå Sentralbadet i Bergen.

Foto: Dag Harlad Kvammen Andersen / NRK

Det har skjedd ei dramatisk auke i ulovleg tagging dei siste to åra. Spesielt er veksten stor i byar med lovlege grafittiveggar.

I Bergen har det vore nærast ei dobling i talet på meldte skadeverk sidan 2005.

SJÅ VIDEO OM TAGGINGA HER

Kreative krefter har utfalda seg på Bergen kommune sin lovlege grafittivegg ved Sentralbadet sidan 2005, men veggen er ikkje stor nok. Grafittien sprer seg og ulovleg tagging har blitt eit aukande problem i byen.

- Det dreier seg om tilgrising og hærverk på private eigedomar, seier politioverbetjent Svein Bjørn Losnegård.

Trendforskar Erling Dokk Holm trur utviklinga skuldast ei haldningsendring i grafittimiljøet.

- Før var taggarane flinkare til å respektere reglar innan kulturen om at ein ikkje skal måle eller tagge oppå andres ting, seier han.

Fram til i fjor var det nulltoleranse for grafitti i Oslo, men no kan kvar bydel avgjere om dei vil ha lovlege veggar. I Bergen har ein valgt å samarbeide med grafittimiljøet, og nulltoleranse er framleis uaktuelt.

- Vi ønskjer heller å leggje til rette for lovlege grafittiveggar, seier finansbyråd i Bergen, Henning Warloe.

- Men uansett må vi gjere noko med dette som kan bli ein subkultur. Den ulovlege tagginga er ikkje pen, seier politioverbetjent Losnegård.