Interessa for lokalmat aukar

Utvalet av lokalprodusert mat aukar i takt med salet. Fleire produsentar har hatt ein formidabel auke i salet.

Haugen Gardsmat

MÅ TILSETTE: Odd Lothe Ohnstad og Kristine Grønner Ohnstad i Haugen gardsmat må tilsette fleire for å klare etterspurnaden.

Foto: Roy Sunde / Fylkesmagasinet

Ved Haugen Gardsmat i Flåm må dei tilsette to nye medarbeidarar i løpet 2016 på grunn av auken.

– 2015 har vore eit spennande og krevande år. Vi har oppretthelde veksten vi har hatt dei siste åra, så det har vore veldig kjekt, seier Odd Lothe Ohnstad i Haugen Gardsmat.

Aukar mellom 25-30 prosent

Han kan seie seg godt fornøgd med året som har vore og ser fram til å sette to strekar under svaret i rekneskapen.

– Vi trur vi vil ligge på det same som vi har gjort dei siste åra. Ei auke på mellom 25 og 30 prosent. Det er kanskje i ytterkant av det vi k an greie.

Omfanget av tilbod veks år for år - i takt med omsetninga til produsentane. No finn ein alt frå pinnekjøt, lammebollar, spekemat, kjekjøt, klippfisk, rakfisk, eplemost, ost og røykelaks. Etterspurnaden etter lokal mat og drikke ser ut til å vere umetteleg.

– Folk er meir opptekne av kvar maten kjem frå og støttar opp om lokalmat.

Tomme hyller

Med 70 ulike produsentar i hyllene, er Bakar Jon på Byrkjelo ein av dei største utsalsstadane for lokalmat i fylket. Jon Myklebust la ned Spar-butiiken og satsa på lokalmat for 2 år sidan - og har ikkje angra.

– Vi berre styrte med tida og visste vel ikkje heilt kva vi gjekk til. Så vi føler dette er over all forventing både økonomisk og omsetningsmessig.

Finn Årdal melder om at han alt i oktober var utselt for rakfisk. 4 tonn naturell fisk frå Jølstravatnet er selt unna og - dei kunne selt det doble, seier fiskaren.

– Vi bomma litt på lutefisken, så der har vi hatt ei seksdobling frå i fjor. Der tok det heilt av den siste veka før jul, seier Øyvind Lending i Solund Mat som også er utseld.

Det er framleis årets to siste månader som utgjer størstedelen av omsetninga, men fleire melder om meir etterspurnad også resten av året, som Paul Nygård i Kandal Kjøt,

Utfordrane å auke salet

– Det er november og desember som er dei klart store månadane, men eg ser at det er tendens til ein generell auke resten av året.

Meir sal betyr meir produksjon og meir arbeid. Fleire av verksemdene NRK har vore i kontakt med vil auke bemanninga i 2016. Men det er ikkje beint fram å ha sterk vekst år etter år, vedgår Ohnstad hos Haugen Gardsmat i Flåm.

– Det er ein kapitalkrevjande bransje vi er i. Så det å ha råd til å ta veksten er krevande. Det viktigaste er å skaffe kvalifisert arbeidsfolk.

– Så lenge vi har kontroll på kvaliteten på dei produkta vi skal ha ut skal vi vekse, men berre så lenge vi kan ha kontroll, seier Ohnstad.