Hopp til innhold

Stoppa ung førar i 144 km/t i 60-sona: – Noko av det grovaste eg har sett

Ein mann i 20-åra frå Sunnfjord vert fotgjengar i lang tid etter at han vart stoppa i 144 km/t i ei 60-sone onsdag kveld.

Fartskontroll Bjørvikstranda i Gaular

HARD PÅ GASSEN: På denne strekninga vart mannen i 20-åra målt til 144 km/t. Det er 60 sone på denne vegen. Bildet er henta frå Google Streetview og den raude bilen har ingenting med saka å gjere.

Foto: Skjermdump / Google

– Det er eit av dei mest graverande tilfella eg har vore borti i mi tid i politiet og der har eg jobba i 30 år, seier Einar Vereide i Utrykningspolitiet på Vestlandet.

I går kveld hadde dei kontroll i 60-sona på Bjørvikstranda på fylkesveg 57 i Gaular. Fem bilførarar fekk forenkla førelegg, men så kom ein som køyrde nesten to og ein halv gong over fartsgrensa.

Einar Vereide

30 ÅR: Einar Vereide har jobba i politiet i 30 år, men har

Foto: Sigrid S. Botheim / NRK

To på ei veke

Vereide seier UP har hatt fokus på E39 i år, men at dei har hatt fleire kontrollar på fylkesveg 57 i Gaular den siste veka.

– Dei to grovaste tilfella av høg fart vi har hatt har skjedd den siste veka på denne strekninga. Han i går i 144 km/t og så ein for nokre dagar sidan som køyrde i 136 km/t på Dalsfjordbrua, seier Vereide.

Då den unge føraren vart stoppa la han seg flat og innrømma at han hadde gjort noko dumt. Likevel er standarden at førarkortet vert tatt inn for tre år og han kan risikera ubetinga fengsel.

– Vi kjem til å ha fleire kontrollar på denne strekninga framover. Mange vi snakka med der ute fortalde om mykje stygg køyring i området, seier Vereide.

fartsbot