Hopp til innhold

– Eg er veldig stolt over det vi presterte, seier Florø-kapteinen

Florø-kaptein Andre Frøyen Reksten var stolt over laget sitt etter cuptapet mot Molde.

Serieleiaren i eliteserien vann fortent 2-1 på Florø stadion, men laget kom på ingen måte lett til avansementet i cupen. Florø-kapteinen meiner heimelaget kan vere stolte over det dei presterte framfor 2200 tilskodarar.

– Vi hadde trass alt to annulerte mål, og i ein periode av første omgang var vi fullt på høgde med Molde. Men i andre omgang vart det einvegskøyring. Uansett var dette ei veldig god erfaring for oss. No skal vi gje alt i serien.

Den eine annuleringa, etter 37 minutt av andre omgang, var uomtvisteleg korrekt. Halvor Solheim-Olsen var i offside då han fekk ballen og sette den i mål. Derimot vart det diskutert på Florø stadion om annuleringa av målet til Stefan Aase i første omgang var rett.

Se målene fra kampen her.

– Mykje musklar

Frøyen Reksten vedgår at det var tøft å møte råsterke spissar som Daniel Chima Chukwu.

– Der var det mykje musklar, og det gjekk ti minutt før eg følte at eg fekk meir tak på han.

Og på desse ti minutta skjedde det mykje framfor Florø-målet. Eitt skot vart slått til corner. Den slo Mattias Mostrøm inn, og det enda med ei redning på streken og ny corner. På den nikka Vegard Forren i stolpen.

Så kom 1-0 til Molde etter sju minutt. Finnen Joona Toivio fekk god treff frå hjørnet av sekstenmeteren, og ballen gjekk over Florø-keeper Robert Winogrodzki og inn i nettet.

Stefan Aase og Daniel Berg Hestad

TO MÅLSCORARAR: Stefan Aase i duell med matchvinnar Daniel Berg Hestad.

Foto: TRULS KLEIVEN

Stefan Aase-mål

Men etter det målet miste Molde trykket, dei tok til å spele meir på tvers, og dermed kom også det heimepublikummet venta på: Kjappe kontringar med Aase-tvillingane som tilretteleggarar. Og etter 24 minutt fekk Stefan Aase ballen i god posisjon og sette inn 1-1.

Det resultatet stod seg til pause, og på det tidspunktet var det eit greitt resultat. Men i andre omgang vart det mykje klarare Molde-dominans, og det var difor fortent då Daniel Berg Hestad sette inn 2-1 etter ein corner.

– Uforståeleg annulering

Florø-trenar Terje Rognsø seier at Molde vann ein fortent siger. Men han kan ikkje forsone seg med at dommar Tommy Skjerven annulerte målet til Stefan Aase på stillinga 1-1 i første omgang.

– Eg forstår ingenting av den annuleringa. Vi var avhengige av å ha marginane på vår side for å vinne, og når slike dommaravgjerder går mot oss så blir det ikkje lett.

Rognsø var langt frå nøgd med måten Florø framsto dei første ti minutta av kampen.

– Men eg er veldig nøgd med måten vi kjem tilbake på.

 Even Hovland

- INGEN STOR FORESTILLING: Even Hovland synest Florø gjorde ein god kamp.

Foto: Truls Kleiven

– Vi datt nedpå

Even Hovland vart bytt ut i pausen. Han slit med ein skade som har plaga han ei stund, og vart difor spart for dei siste 45 minutta. Han var nøgd med at lagkameratane på Molde rodde inn 2-1.

– Det var ikkje noko stor forestilling av oss. Vi var veldig bra i starten av kampen, men så datt vi nedpå og let Florø sleppe til med kontringar. Florø jobba godt som lag. Men vi må opp eit hakk om det skal bli vidare avansement.

Vaimingen vart teken ut i landslagstroppen mot Frankrike og Russland, men melde avbod på grunn av skaden han slit med.

– Eg håpar å få sjansen igjen seinare. Men då må eg vere skadefri.

Andre Frøyen Reksten og Daniel Chima Chukwu

TØFFE DUELLAR: Florø-kaptein Andre Reksten Frøyen måtte bruke det han hadde av musklar for å stoppe Daniel Chima Chukwu.

Foto: TRULS KLEIVEN