Når Oddny Miljeteig får spørsmål om kva ho er mest stolt av i Bergen by, kjem svaret raskt.
– Eg er veldig stolt over at bystyret sa nei til reklame i byrommet. Hausten 2005 var Bergen den fyrste norske storbyen som takka nei til ein avtale som omfatta tre nye offentlege toalett og 900 busskur mot reklame i byen.
- Det betyr at byen er bergensarane sin og ikkje ein stor reklamegigant sin, seier ho.
Busskura er i dag reklamefrie, og dei reisande NRK møtte i går meinte det var godt å sleppa reklame.
Ingen offentlige toalett
Turistsjef i Bergen Ole Warberg, syns det er greitt at reklameavtalen vart unngått, men har merka konsekvensen av bystyret sitt nei.
I dag kunne byen hatt tre nye offentlege toalett, men har ingen. Iverfall ikkje som publikum er kjent med.
- Vi får jo veldig mange klager frå tilreisande om at det ikkje er toalett i denne byen. Det er eit prekært behov som må løysast på ein eller anna måte, seier Warberg.
Kommunen har planar om toalett i sentrum innan eitt år eller to, men fram til då må folk leve med problemet. Reiselivssjefen syns det er pinleg å seie dette til tilreisande.
- Dei tisstrengde har også problem i byar der Clear Channel herjar, seier Miljeteig.
Men ho meiner at når bystyret har sagt nei til reklamegiganten, må dei sjølve ta ansvar for å skaffe Bergen slike fasilitetar.