Hopp til innhold

Stolen bil funnen

Bilen som vart stolen frå Solvorn i Luster natt til 15. mai, kom til rette i Årdal onsdag.

Politiet i Luster hadde etterlyst bilen. Politiet set tjuveriet av bilen i samanheng med ei rekkje innbrot og tjuveri i Luster tidleg denne veka.

Bilen stod forleten på ein skogsveg i Årdal, og det var ein tilfeldig forbipasserande som varsla politiet om bilen. Bilen vart funnen like føre klokka 16 onsdag.