Stord Næringsråd reagerer på at HSD ikkje opprettheld kravet om punktlegheit i ferjesambandet Halhjem - Sandvikvåg.
Mange tekniske problem og mangel på reserveferjer har ført til fleire innstilte avgongar.
- Uakseptabelt
Så langt i år har talet på gjenståande bilar gått opp med 50 prosent.
- Heilt uakseptabelt. Dette kan me ikkje leva med i Sunnhordlandsregionen, meiner leiar i Stord Næringsråd, Liv Kari Eskeland.
No har ho mista tiltrua til HSD.
- Konsekvensane er at me ikkje kan levera varer og tenester til den tida som er avtalt. Tid er pengar, og då held ikkje den kommunikasjonen som HSD kan tilby oss, meiner ho.
Få reserveferjer
Dobelt så mange ferjeavgongar mellom Halhjem og Sandvikvåg er i år blitt innstilte grunna tekniske problem, enn kva tilfellet var for fjoråret.
I tillegg er tilgongen på reserveferjer på Vestlandet dårleg.
Adm. direktør Geir Aga.
Liker mistrua dårleg
Slikt får konsekvensar. Administrerande direktør i HSD, Geir Aga forstår frustrasjonen til næringslivet, men liker dårleg at HSD blir oppfatta som eit selskap som ikkje er til å stola på.
- Det tykkjer eg er eit veldig sterkt uttrykk. Trass alt er det få turar som fell ut, men den utryggleiken det skapar er sjølvsagt eit problem, seier Aga.
- Når me no kjem inn i forhandlingar om 2006, er det viktig at me får på plass fleire reserveferjer. Det ville løyst dette på ein glimrande måte, fortset han.
Ei ekstra ferje
Det er Statens Vegvesen som har ansvaret for riksvegferjene.
Seksjonsleiar Eli Vik Næss seier til NRK Hordaland at dei jobbar med å få på plass ei ekstra ferje frå nyttår av.