Hopp til innhold

Ville kutte konfliktråd over heile landet – no stoggar regjeringa planane

Forslaget om å leggje ned ti av kontora til konfliktråda i Noreg blir ikkje gjennomført.

Frida Melvær (H) og politiinspektør Arne Johannesen

GODT NØGDE: Stortingsrepresentant Frida Melvær (H) og politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen.

Foto: Ole Heilevang / NRK

Det gjeld blant anna konfliktrådet i Sogn og Fjordane som skulle leggast inn under Bergen.

Det var Sekretariatet for konfliktråda som ønskte at konfliktråda i landet skulle følgje den nye inndelinga av politidistrikta og at talet på kontor skulle reduserast frå 22 til 12.

Stort engasjement

No har regjeringa bestemt at det ikkje skal skje, trass i tilrådinga frå leiinga for konfliktråda i Noreg.

– Det har vore eit veldig stort og godt engasjement rundt saka. Vi har sett at behovet for nærleik til dei som skal bruke Konfliktrådet er viktig, seier stortingsrepresentant for Høgre, Frida Melvær.

Ho peikar på at det er mange samarbeidsinstansar som dei må rundt seg for å lukkast med dei sakene dei skal handtere.

Glad politisjef

Ein av dei som har kjempa for at fylka skulle få behalde sine konfliktråd er sjefen for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen. Han er ein lukkeleg mann i dag.

– Det som er viktig at det er folk på eit kontor i Sogn og Fjordane nært oss som politi og andre viktige samarbeidspartnarar. Vi trur at i dette arbeidet så har nærleik og eit fagleg fellesskap mykje å seie.

Forslaget om å leggje ned 10 av 22 kontor kom frå toppleiinga møtte raskt også politisk motbør og er no lagt på is.

– Vi har i dag få tilsette ved kvart kontor. Vi er sårbare. Det er meir komplekse saker no enn tidlegare. Oppdraga vi får inn krev nye arbeidsmetodar, sa direktør Lise Sannerud til NRK i april.