Styret i Helse Førde ville starte prosessen med å omplassere dei 90 tilsette ved sjukehuset i Florø alt neste veke. Dei som ikkje ville godta å bli flytta til sentralsjukehuset i Førde, skulle bli sagt opp frå 1. oktober. Dette trass i at rapporten til helseministeren, som fortel kva eit nærsjukehus skal innehalde, først vil vere klar ein månad seinare.
Tore Thorsnes kjenner ikkje til utspelet frå departementet.
Men departementet slår no fast at ingen skal bli varsla om oppseiing eller omplassering før etter at rapporten er klar.
Vil bøye seg
Styreleiar Tore Thorsnes i Helse Førde seier at dei vil bøye av for ei slikt avgjerd. Men i går var han ikkje kjent med avgjerda i departementet og vil difor ikkje kommentere saka ut over det.
Heller ikkje direktør Leif Kapstad i Helse Førde vil kommentere saka på noverande tidspunkt.