Hopp til innhold

Stoggar arbeid etter ulukke

Statens Vegvesen har midlertidig stansa arbeidet med ein av konstruksjonane på Dalsfjordbrua etter ei alvorleg arbeidsulukke forrige veke.

Her kjem det siste elementet på brutårnet til Dalsfjordbrua på plass

VART SKADA: Ein mann frå Nederland er framleis på sjukehus etter arbeidsulukka på Dalsfjordsambandet forrige veke.

Foto: Arve Uglum (MMS-foto) / NRK

Sist torsdag fekk ein nederlandsk arbeidar ein kabel i ryggen under arbeidet med kabelstrekking på Dalsfjordbrua. No har Arbeidstilsynet og entreprenøren HSM steel structures bestemt at arbeidet vert stansa i alle fall i ei veke.

– Årsaken til det er jo at entreprenøren har brukt eit utstyr som ikkje har fungert som det skulle. Når dei skal feste inn kabelen i forankringsklossen så har dei då brukt ei klemme som held wiren. Den klemma har då glidd, slik at ein då ikkje har greidd å låse wiren, seier prosjektleiar for Dalsfjordsambandet, Einar Hovland.

Ei veke forseinka

Som Statens Vegvesen sin ansvarlege i det omfattande vegprosjektet, vil han no vere trygg på at entreprenøren gjer sitt for å trygge tilhøva for arbeidarane på staden.

– Det betyr at vi blir litt forseinka i forhold til det arbeidet som skal gjerast med catwalken. Entreprenøren har no valgt å innstille arbeidet i ei vekes tid slik at ein då kjem attende med nye prosedyrar og opplegg for vidare arbeid.

Tap for entreprenøren

– Kven tek det økonomiske tapet?

Det er jo entreprenøren som må ta den biten. Dette er jo eit arbeid som gjeld catwalken som då er ein midlertidig hjelpekonstruksjon. Det er entreprenøren sitt ansvar, seier Hovland.

– Kor alvorleg er dette?

– Det er klart at når ein får ei slik arbeidsulukke, så må vi jo forsikre oss om at det ikkje skjer igjen. Kravet vårt er at entreprenøren må gå gjennom sine prosedyrar og gjere ei risikoanalyse for å fullføre det slik at gjort på ein trygg måte.

Må dokumentere tryggleik

Arbeidstilsynet hadde tilsyn på anlegget måndag, og dei støtta Vegvesenet si vurdering om at bruarbeidet må stå på vent inntil entreprenør HSM steel structures kan dokumentere at HMS-systemet deira tek godt nok vare på tryggleiken til arbeidarane under denne typen arbeid.

Arbeidaren som vart skada i ulukka forrige torsdag er framleis innlagt på Haukeland universitetssjukehus med ryggskadar.