Hopp til innhold

– Det desidert farlegaste var at katastrofebremsen på hengaren ikkje verka

FØRDE (NRK): Katastrofebremsen på den 18 tonn tunge hengaren virka ikkje. Hadde hengaren losna kunne det ført til katastrofe.

Hengar med feil på katastrofebrems

BRUKSFORBOD: Katastrofebremsen som skal stogge hengaren dersom den losnar frå trekkvogna verka ikkje.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Kontrollørane fann ei rekke feil og manglar på eit utanlandsk vogntog som torsdag vart stogga i Førde. Feila var så alvorlege at både bil og hengar fekk bruksforbod.

– Det var fleire alvorlege feil her, men det desidert farlegaste var at katastrofebremsen på hengaren ikkje verka, seier inspektør Geir Leon Hetle i Statens vegvesen.

Katastrofebremsen er den bremsen som skal bremse opp tilhengaren i tilfelle den skulle falle av den trekkande lastebilen. Det vart og funne sprekk i ei av bremseskivene og fjørbrot på to akslingar.

Kontrollørane avdekte og feil på hengarfestet som var så alvorleg at dei gav forbod mot at bilen kunne trekke hengar.

Stort skadepotensial

Geir Leon Hetle

ALVORLEG: Geir Leon Hetle er inspektør i Statens vegvesen.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Utan katastrofebrems så betyr det at dersom hengaren hadde losna så hadde ikkje bremsen kopla inn slik dei skal. Hengaren hadde då trilla av garde til den hadde stogga i eitt eller anna. I dette tilfellet vog hengaren 18 tonn, så skadepotensialet er stort, seier Hetle.

Sjåføren av vogntoget hadde overtatt vogntoget for 14 dagar sidan og har forklart at han ikkje var klar over manglane.

– Dette er ein type feil som ein sjåfør ikkje vil kunne merke i dagleg bruk.

Statens vegvesen har stort fokus på tilstanden på vogntog på norske vegar. No vil dei også gå etter dei som betalar for transportane.

Hengar stogga med alvorlege feil og manglar

STORT SKADEPOTENSIAL: Den 18 tonn tunge hengaren mangla katastrofrebrems, hadde fjørbrot på to akslingar og sprekk i ei av bremseskivene.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Slepp bøter

I dette tilfellet slepp både sjåfør og selskap bøter fordi Statens vegvesen ikkje kan seie noko sikkert om kor gamle feila er.

– Det er i eit grenseland, men dersom ein skal politimelde nokon, så må ein vere rimeleg sikker på at nokon kan klandrast for feila.

Hetle seier dei heldigvis ikkje kjem ofte bort i så alvorlege feil. Men det ikkje lenge sidan sist det vart stogga eit vogntog med sprekk i to bremseskiver. Hetle seier at blant bilane dei har stogga er utanlandske vogntog overrepresenterte.

– Det kan virke som ikkje alle prioriterer vedlikehald. Vi finn ofte feil bremser og sprokne bremseskiver, seier Hetle.