Hopp til innhold

Trailer stogga med faststroppa aksling: – Første gong vi har sett noko så ekstremt

Det lyste kontrollobjekt allereie då semitraileren køyrde inn på kontrollplassen, seier Vegvesenet.

Kontroll av tunge køyretøy i Førde

EKSTREMT: Det er første gong vi ser noko så ekstremt, seier Svein Ove Salt i Statens vegvesen.

Foto: Statens vegvesen

– Nærare kontroll viser at akslingen var slått heilt skeiv. Den hang i to stropper, fortel Svein Ove Salt i Utekontroll vest i Statens vegvesen.

Semitraileren utmerka seg allereie då han kom inn på kontrollplassen i Førde tysdag, køyrande utan dekk og felgar på fremste akslingen på tilhengaren.

Kontrollen viste også at:

  • Fjørfeste og støytdemparar var avrivne
  • Ein tverrbjelke som stivar av ramma hadde store sprekkar og var dels avriven
  • Sidehinderet var kraftig skada
  • Det var stor skade på luftfjøring og bremser på akslingen

– Det var veldig bra at vi fekk stoppa han. Eit slikt køyretøy har ingenting på vegen å gjere, seier Salt.

Kontroll av tunge køyretøy i Førde 9.3.21

STROPPA FAST: Akslingen var slått heilt skeiv og hang i to stropper.

Foto: Statens vegvesen

Kunne skada fotgjengarar

Han meiner fotgjengarar kunne ha kome til skade om traileren ikkje hadde vorte stogga.

– Det at det framleis var fullt lufttrykk i belgane, luftputene hang også på skeive, kunne fort medført at dei kunne eksplodert, seier Salt

Om det hadde skjedd i nærleiken av ein fotgjengar er det «ekstremt stor fare» for at fotgjengaren hadde fått store skadar, meiner han.

– Det er heldigvis første gong vi har sett noko så ekstremt som dette.

Når dette blir gjort på ein riktig måte kan det vere ei nødløysing for å kome til næraste verkstad eller ein trygg plass å stå, men i dette tilfellet var det ikkje gjort på ein forsvarleg måte, viser Salt til.

Har fått bruksforbod

Køyretøyet fekk bruksforbod til det vart sett i trafikksikker stand.

– Sjåføren har ikkje fått ein reaksjon. Han har gjort det han trudde var godt nok for å gjere det trafikksikkert. Det hadde han gjort på ordre frå sjefen sin, seier Salt.

Trekkbilen var polsk, semitraileren svensk og sjåføren frå Ukraina.

Etter at traileren hadde fått hjelp av bilbergar til å sikre akslingen, lause deler og blenda luftputer kunne køyretøyet køyre ut av landet utan last.

Kontroll Statens vegvesen, Førde

HAR FÅTT BRUKSFORBOD: Køyretøyet har fått bruksforbod inntil det er sett i trafikksikker stand.

Foto: Statens vegvesen