Hopp til innhold

Stoppa bil med tjuvegods - ber folk sjekke hyttene sine

Då bilen framfor køyrde på E39 med punktert dekk fekk det bilisten bak til å reagere. I bilen fann politiet tjuvegods. No ber politiet i Stryn og Hornindal om at folk sjekkar hytter og andre hus for å finne ut om det har vore ubedne gjester på besøk.

E39 gjennom Vassenden

E39 GJENNOM VASSENDEN: Det var ved butikken på Vassenden at politiet fekk stoppa bilen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I ni-tida fredag morgon opplyser politiet i Stryn og Hornindal på Facebook at dei har fått indikasjonar på at bilen kan ha vore i både Stryn og Hornindal før den vart stoppa på Vassenden i Jølster.

– Det viste seg at det var ein bil med ein del gjenstandar, og det er grunn til å tru at dette er tjuvegods. Vi veit ikkje kor dette kjem frå, seier operasjonsleiar ved Kjetil Drange.

I bilen var det to personar. Begge er busett i Sunnfjord.

– Det var ein mann i 30-åra og ei kvinne i 40-åra. Det er mistanke om rus, seier Drange.

– Har dette samanheng med tjuveri som har skjedd i same området den siste tida?

– Det kan vi ikkje sei noko om no.

Politiet skal etterforske dette vidare. Personane er kjende for politiet og namna har dukka opp i fleire meldingar dei siste dagane.

Bilberging
Foto: Førde bilberging