Hopp til innhold

Stod på wakeboard på jobbintervju

Toppturar og wakeboard stod på programmet då fem utvalde var på jobbintervju for bedrifta Nlink i helga.

- Vi har behov for flinke folk som kan vere i Sogndal og då må vi trekke dei til oss på ulikt vis, seier seniorkonsulent Aslak Os i bedrifta Nlink til NRK.

Skulle oppleve Sogndal

Og det var lite som minte om jobbintervju då fem heldige fekk kome til Sogndal i helga.

- Vi har vore på karrieremesse og snakka med folk. Vi inviterte folk til Sogndal og mange skreiv seg på. Så plukka vi ut dei vi meinte var best for bedrifta vår og i helga kom dei, forklarer Os.

Han fortel at dei treng to tilsette, men at dei ser seg om etter fleire som kan tenkje seg å jobbe og ikkje minst bu i Sogndal.

Må vise seg fram

- Nlink veks og vi sloss med andre store kjende bedrifter i Oslo og Bergen om kompetente personar. Då må jo vi vise fram det som gjer Sogndal til ein god stad for oss å bu.

Fem personar har gjennom heile helga verkeleg f¨ått sjå og oppleve kva Sogn har å by på av bratte snødekte fjell, fjordar med speglblanke flate og dei har fått ta del i filosofien til dei tilsette i Nlink.

Trivsel er nøkkelen

- Vi meiner at folk må trivst på jobben. Om folk ikkje har det bra, så fungerer heller ikkje bedrifta. Det er ein filosofi som har fungert svært bra fram til no, forklarer dagleg leiar for Nlink Håvard halvorsen til e24.no .

Dei fem som til slutt vart valde ut til å kome for å oppleve Sogndal ei helg er alle friluftsmenneske og har kompetanse på teknologi.

- Dei som var på besøk i helga er folk som kan mykje om teknologi. For vi leitar etter folk som kan vere tekniske prosjektleiarar, programerarar og folk som har kompetanse på produktutvikling på robotteknologi, seier han.

Og responsen på dei noko uvanlege jobbintervjua var god.

- Dei seier dei er veldig nøgde med å få sjå moglegheitene som finst i Sogndal. Og dette er aktive folk som likar å stå på ski. Dei var nok ikkje klar over at det var eit slikt kompetansemiljø her, seier Os.

- Sogndal har alt

- Er dette den einaste måten å få tak i folk på?

- Ein må ikkje gjere det på denne måten, men vi er eit firma der mange driv med slike aktivitetar. Det er difor vi har valgt å vere i Sogndal. Plasseringa i forhold til fjell og natur og støtteapperatet og kompetansen som er her.

Kven av dei fem som kom som får eit tilbod frå bedrifta vil derimot Os ikkje seie noko om enno.

- Det er for tidleg, vi skal diskutere det først, seier han.