Hopp til innhold

Stod midt i raset

Stod og intervjua då det byrja å rase.

Simon Solheim

Simon Solheim var ute på jobb for NRK Vestlandsrevyen då det byrja rase store snømassar ned der han stod.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Riksveg 57 mellom Bygstad og Dale har i føremiddag vore stengd på grunn av

Ras

Slik såg vegen ut etter at snømassene stengde vegen.

Foto: Simon Solheim / NRK
Ras

Snømassane kom ned i vegbana medan NRK sin journalist stod midt i eit intervju. Snøen sneia beina til dei som stod i vegen.

Foto: Simon Solheim / NRK

fleire ras.

Og på veg frå Dale til Førde vart NRK- reporter Simon Solheim fanga mellom to ras.

- Vi lever farleg no. Vi stod midt i eit intervju då det byrja å rase nedover fjellsida. Og vi stod midt i raset, fortel Solheim.

Og på lydopptaket frå intervjuet høyrer ein tydeleg snømassane kome nedover fjellsida.

- Vi måtte berre flytte oss for raset kom langs beina våre, fortel Solheim.