Sjåfør Marcin Gapa ville klare seg sjølv då han i går fekk problem på snøføre over Ålfotdalen i Bremanger. I timevis vart han ståande og spinne på fylkesvegen opp ein av bakkane inn mot Elkem sitt verk i Svelgen.
– Viking. Problems, konstaterer Gapa på stotrande engelsk dagen etter. Han meiner sjølv at dekka hans er gode nok for å køyre på snøføre.
EI STOR UTFORDRING: Geir A. Mo i Norges Lastebileier-forbund seier transportkjøparane har meir ansvar enn mange sjølv er klar over.
Foto: Anna Gytri/NRKFor administrerande direktør Geir A. Mo i Norges Lastebileier-forbund er hendinga ei av mange på norske vintervegar. Det same skjer år etter år. Sjåførar med lite kompetanse på norsk vinterføre får problem, heftar andre trafikantar og skapar trafikkfarlege situasjonar.
– Dei som kjøper transporten må byrje å stille kritiske spørsmål og krevje kvalitet på tenestene sine. Dette handlar om å velje seriøse aktørar og krevje dokumentasjon, seier Mo.
- Les også:
- Les også:
GODE NOK: Ifølgje Bremanger-lensmann Espen Gulliksen var dekka etter forskriftene, men likevel noko dårlege for norske vintervegar. Fleire av kjettingane den polske sjåføren sette på vart øydelagde i forsøket på å ta seg opp bakken i Ålfotdalen.
Foto: Wilhelm Støylen / NRKTok beslag i førarkortet
Ifølgje politipatruljen som rykte ut hadde sjåføren berre med seg ein godkjent kjetting. Dei tok måndag beslag i førarkortet hans og la ned køyreforbod. I dag måtte sjåføren bevise for Bremanger-lensmann Espen Gulliksen at han hadde alt på stell.
– Bilen blir ståande til han har nok kjettingar, godkjent for norske vegar, og til bergingsselskapet har fått garanti for betaling, seier Gulliksen.
Mo i Norges Lastebileier-forbund meiner dei som kjøper transport må bli meir bevisste på ansvaret sitt.
– Oppdragsgjevarane må gjere ein større innsats for å krevje kvalitet, og ikkje berre gå etter lågast mogleg pris.
– Sjåføren sitt ansvar
BRUKAR SJEKKLISTE: Hroar Holm Carlsen seier dei vel Elkem Bremanger har ei sjekklista dei går over før sjåførane får køyre frå verket. – Vi tek ein visuell sjekk av at dekk og slikt er rett, og at lasta er riktig fordelt.
Foto: Wilhelm Støylen / NRKDen polske semitraileren hadde ikkje last då sjåføren fekk problem, og var på veg til Elkem i Svelgen for å laste til Polen. Direktør ved smelteverket, Hroar Holm Carlsen, viser til at det er Elkem sentralt som utarbeider kontraktane med leverandørane.
– Det ligg i kontraktane at dei skal ha utstyr og sjåførar som er kapable til å ferdast på Vestlandet på vinterstid. Avvik blir tekne opp med leverandør.
Til sist er det sjåføren sitt ansvar, meiner han.
– Sjåføren er alltid ansvarleg for sitt køyretøy og si køyring. Vi må undersøke om det var noko gale med utstyret i dette tilfellet, men vi har ingen informasjon om det så langt.
Får køyre vidare i morgon
KAOS: Bremanger-lensmann Espen Gulliksen seier det fort fører til problem når bilar blir ståande fast på vegane i kommunen.
Foto: Wilhelm Støylen / NRKTysdag ettermiddag har sjåføren gjort opp for seg med bilbergingsselskapet Viking på Stårheim. Men inntil han kan vise fram sju kjettingar blir han ståande.
Lensmann Gulliksen seier kjettingane er bestilt. Når dei er på plass i morgon får sjåføren tilbake førarkortet og kan køyre vidare.
– Eg synest norske vegar er vanskelege på grunn av snø, men eg likar å køyre i Norge, seier sjåføren sjølv.
VENTAR PÅ KJETTINGAR: Den polske sjåføren får ikkje køyre vidare før han kan vise fram sju kjettingar. Dei skal ifølgje lensmannen vere på plass i morgon.
Foto: Wilhelm Støylen / NRK