Hopp til innhold

Stjernekamp-Adrian reklamerte for ein russisk taxiapp. No er han redd for person­opplysingane sine

Adrian Sellevoll har reist med Yango sidan dei utvida til Bergen. Turane ligg lagra inne i Russland, saman med persondata frå alle norske brukarar.

-

INSTAGRAM-REKLAME: Her poserer Sellevoll med ein Yango-taxi på Bryggen. I dag er han glad for at Datatilsynet ser på personvern-saka.

Foto: Adrian Sellevoll / Facebook

– Det er ein utruleg oversiktleg og lettvint app som alle mine bergensarar bør laste ned på mobilen, skreiv Sellevoll på Instagram i november 2021.

Han promoterte den russiske taxi-appen Yango, som har sjåførar og kundar i både Oslo og Bergen.

No reagerer artisten på nye opplysningar om «Russlands Uber».

Sist månad kunne Datatilsynet slå fast at Yango Norway AS også lagrar norske brukarar sine personopplysingar inne i Russland.

Dette er basert på informasjon dei har fått av taxiselskapet.

Datatilsynet undersøker enno om russiske styresmakter har eller kan få tilgang på norske persondata, ifølge seksjonssjef for informasjonstryggleik Tobias Judin.

– Vi er framleis uroa for om norske brukarar kan bli utsette for russisk overvaking, men har ikkje konkludert, seier han til NRK.

Datatilsynet meiner at det kan finst russiske lovar og praksisar som set datatryggleiken i fare, og anbefaler at folk i offentlege verv slettar appen.

-

Her snakkar Yandex-sjefen Arkadij Volozj med russisk president Vladimir Putin utanfor ein taxi i Moskva. Yandex er moderselskapet til Yango.

Foto: Alexei Druzhinin / AP

Sellevoll: – Uakseptabelt

Sellevoll kallar nyheita for «overraskande og uakseptabelt».

– Personvern er ei avgjerande sak, og eg er oppteken av å sikre at mine og andre sine personlege data blir behandla på ein sikker og ansvarleg måte, seier han til NRK.

Han fortel at han har «vore ein hyppig brukar av Yango sidan appen blei lansert», men at han no har sletta den.

Sellevoll poserer med ein Yango-taxi på Bryggen

Sellevoll brukar ikkje lenger taxitenesta han reklamerte for i 2021.

Foto: Adrian Sellevoll / Facebook

– Las du opplysingane til Yango om personvern og datalagring før du sa ja til å reklamere for dei?

– Nei, det gjorde eg ikkje, og plar ikkje gjere det heller.

– Kjem du til å gjere det framover?

– Kanskje eg bør det.

Les også Datatilsynet: – Taxiteneste overfører personopplysningar om norske innbyggjarar til Russland

Ein Yango-bil fotografert i Oslo.

Vil ikkje svare på personvernspørsmål

Sjølve Yango Norway AS er basert i Noreg og underlagt norsk lovgiving. Moderselskapet Yandex er Russlands svar på Google, og er det største teknologiselskapet i landet.

Norden-direktør i Yango, Erlend Eidsvoll, seier at han forstår at personvernerklæringar på sosiale medium kan vere vanskelege å ta stilling til.

Men på spørsmål om kven som har tilgang på norske brukarar sine persondata i Russland, svarar han at han vil diskutere med Datatilsynet før dei kjem ut med nokre opplysingar.

Han vil heller ikkje kome med nokon beskjed til norske brukarar som er uroa for å bli utsette for russisk overvaking.

yango

Ein Yango-taxi fotografert av NRK i Oslo.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

I eit skriftleg utsegn til NRK torsdag morgon, skriv Yango sitt pressekontor at dei er i dialog med det norske Datatilsynet.

– Yango følger fullt og heilt datavern-reglementet, også når det gjeld overføring og oppbevaring av data.

– Vi i Yango set alltid brukarane først. Det har vore vår høgste prioritet i mange år, og der kjem det alltid til å vere, skriv dei vidare, og legger til at tenesta framleis er operativ i Noreg.

Ikkje lenger uroa for russisk politilov

Finland og Noreg er dei einaste europeiske selskapa som Yango har kontor i.

Judin seier dei er i dialog med både finske og nederlandske styresmakter for å samle inn kompetanse i saka.

Tidlegare var Datatilsynet uroa for ei ny lov i Russland som tredde i kraft 1. september, som gjorde at taxiselskap i landet blei lovpålagde å dele slike data med russisk politi.

Dei fryktar ikkje lenger at denne lova gjeld norske Yango-brukarar. Altså kan vanlege folk halde fram med å bruke appen som før.

Ein person brukar Yango-kartet i Oslo sentrum.

Blant persondata som Yango samlar inn er brukaren sin posisjon, telefonnummer og adresse.

Foto: Yango AS

Yango AS har varsla til Datatilsynet, ifølge Judin, at det kjem til å ta eit eventuelt vedtak mot seg inn for retten.

– Derfor er det, som alltid elles også, viktig at vi gjer ein nøye jobb her, seier han.

Eidsvoll vil ikkje kommentere om denne opplysinga stemmer, men stadfestar at partane har vore i dialog.

– Vi har førebels ikkje fått nokre tilbakemeldingar frå Datatilsynet om at vår praksis ikkje er i tråd med lovverket.

– Dersom Datatilsynet meiner vi må endre på noko, så vil vi gjere det.

Hei!

Takk for at du leste saka om Yango. Har du erfaring med å bruke taxiappen i Bergensområdet, eller har du nokre tankar om tilbodet som er her? Har du tips til andre saker eg bør lage? Eg er journalist i NRK Vestland og dekker det som skjer i fylket.