Stine (22) er spent før meisterskapsdebuten

– Du merkar at du er del av noko større, seier Stine Pettersen Reinås frå Sogndal.

Stine Pettersen Reinås

STOR SKILNAD: Stine Pettersen Reinås seier ho merkar stor skilnad på å bu seg til eit EM kontra ein privatlandskamp. – Det er meir merksemd og alt er veldig mykje større. Det er veldig kult, seier ho.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Pettersen Reinås og resten av det norske fotballandslaget for damer i full gang med førebuinga til sommarens EM-sluttspel i Nederland.

Som meisterskapsdebutant blir det ei heilt ny oppleving for Sogndal-jenta.

– Det er veldig spennande. Ein veit ikkje heilt kva ein går til, så ein må berre suge til seg alt som er og prøve å nyte og erfare så mykje som mogleg, seier midtstopparen.

– Nervar?

– Ikkje no, men det kan godt hende at dei kjem.

Debuterte med mål

Elise Thorsnes og Martin Sjögren.

VETERAN: Elise Thorsnes må med sitt femte OL, VM og EM-sluttspel reknast som ein av veteranane på landslaget.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Reinås spelar til dagleg for bærumsklubben Stabæk , men debuterte i september i fjor med flagget på brystet i EM-kvalifiseringskampen mot Kasakhstan. 22-åringen sette like godt inn sitt første mål for A-landslaget.

Totalt har ho spelt fem kampar, og har hausta lovord for innsatsen sin. På eigne vegne har ho likevel realistiske ambisjonar om speletid i EM.

– Eg er klar om eg får sjansen, men tek det som ein bonus. No er eg berre glad for å vere med, så får trenaren avgjere kven som spelar, seier ho.

Opnar mot Nederland

– Vi har fire-fem stopparar med, mellom andre Nora Holstad Berge og Maren Mjelde. Det blir tøft å krige seg til ein plass, legg Reinås til.

Andrine og Ada Stolsmo Hegerberg

X-FAKTOR: Søstrene Andrine og Ada Stolsmo Hegergberg er saman med Caroline Graham Hansen kanskje dei største profilane på det norske damelandslaget i fotball.

Foto: Frode Berg / NRK

Landslagsjentene starta førebuinga i Oslo onsdag. Søndag går turen til Frankrike der dei tysdag møter dei dei franske EM-klare damene i treningskamp.

Meisterskapen startar søndag 16. juli mot vertsnasjonen Nederland.

– Den kampen er utseld, så det blir nok utruleg trykk på stadion. Men det blir ein veldig viktig kamp å vinne, seier Reinås.

11. best i verda – 5. best i Europa

– Men vi slo dei 3–1 i fjor, så det er eit lag vi har moglegheit til å slå, held Reinås fram.

Andrine og Ada Stolsmo Hegerberg

X-FAKTOR: Søstrene Andrine og Ada Stolsmo Hegergberg er saman med Caroline Graham Hansen kanskje dei største profilane på det norske damelandslaget i fotball.

Foto: Frode Berg / NRK

Norge må bli blant dei to beste i gruppespelet for å komme seg vidare. På verdsbasis er Norge rangert som den 11. beste nasjonen.

Av dei EM-klare laga er Sverige (9), England (5), Frankrike (3) og Tyskland (2) rangert høgare enn Norge.

Dei norske damene har til no ikkje noko uttala mål om medalje.

– Vi har eit veldig ungt og ambisiøst lag, med mykje X-faktor. Får vi alt til å sitje offensivt, så kan det sjå veldig kult ut og bli veldig bra. Spelar vi opp mot vårt beste, så kan vi slå kven som helst, avsluttar Reinås.