Hopp til innhold

Stig-Jarle har levert havsøppel gratis – det vil staten stoppe

Miljødirektoratet vil fase ut ordninga som gjer at fiskarar kan levere frå seg avfall utan å måtte betale for det. – Eit tilbakeslag i miljøkampen, svarer fiskarar.

Havsøøpel

BAKVENDT: Miljødirektoratet foreslår å fase ut ordninga som gjer at Stig-Jarle kan levere frå seg avfall gratis. – Eit nederlag for heile Noreg, meiner han.

Foto: Asgeir Reknes / NRK

CO₂ i atmosfæren
420,5 ppm
1,5-gradersmålet
+1,09 °C
Les mer  om klima

Når skipperen er ute og fiskar, er det ikkje berre fisk han får.

Stig-Jarle Ervik får også med seg store mengder søppel.

Det kan vere alt ifrå utstyr frå gammalt fiskebruk til avfall frå oljeindustrien eller observasjonsballongar frå Meteorologisk institutt, som har ramla ned i havet.

Alt dette «eigarlause» søppelet kan han ta med seg og levere gratis til gjenvinning gjennom ordninga Fishing for Litter, som vart skipa i 2016.

I dag deltar eit hundretals fartøy i ordninga, og sidan oppstarten har dei samla inn meir enn 734 tonn avfall (per desember 2020).

Plast

GRATIS: Skipperen kan levere dette eigarlause» søppelet gratis til gjenvinning.

Foto: ANNE LOGNVIK / NRK

Anbefaler å fase han ut

Men no vil Miljødirektoratet, som har finansiert ordninga sidan 2016, legge han vekk.

– Vi anbefaler at denne ordninga vert fasa ut, skriv dei til Klima- og miljødepartementet (KLD).

I staden vil dei at alle fartøy skal betale for eit generelt avfallsgebyr.

– Dette skal betalast uavhengig av om skip leverer avfall eller ikkje. Vi meiner dette i større grad vil sikre likare vilkår mellom alle hamnar som har anløp av fiskefartøy, seier Kristine Mordal Hessen i seksjon for avfall og grunnforurensning i Miljødirektoratet.

Forslaget ligg no til behandling.

– Vi har ikkje konkludert, seier statssekretær Maren Hersleth Holsen (V).

Ho legg til:

– Ordninga har vore ein suksess i hamnene kor det har vore mogleg å levere inn. Men det har vist seg at ordninga er dyr å administrere.

Maren Hersleth Holsen

DYR ORDNING: – Ordninga har vore ein suksess i hamnene kor det har vore mogleg å levere inn. Men det har vist seg at ordninga er dyr å administrere, seier statssekretær Maren Hersleth Holsen (V) i KLD.

Foto: KLIMA- OG MILJØDEPARTEMENTET

– Vi kan rulle ut i større skala

I dag er 11 hamnar omfatta av ordninga. I alt finst det om lag 800 fiskerihamner i Noreg.

– Vi i fiskerinæringa synest Fishing for litter-prosjektet har fungert godt, seier Jan Henrik Sandberg, seniorrådgjevar i Fiskarlaget.

Han legg til:

– Om det leggjast opp til at fiskarane skal betale ei ny avgift, også for eigarlaust avfall som de leverer i hamn, må vi ha ei grundig gjennomgang av avgiftsnivå og kostnadsforfordeling for denne nye ordninga.

Hilde Rødås Johnsen i Salt Lofoten er prosjektleiar for Fishing for litter.

Ho viser til at fiskenæringa har etterspurt fleire leveringspunkt i fleire hamner.

– Vi kan rulle ut i ein større skala som ein del av et nasjonalt system, dersom det er ønskeleg.

Geir Oldeide

TILBAKESLAG: – Oppryddingsarbeidet i havet og på havbotnen vert sett alvorleg tilbake dersom denne ordninga vert fasen ut, seier Geir Oldeide (R).

Foto: Bård Siem / NRK

– Mange lar vere å ta med seg avfallet

Stortingskandidat Geir Oldeide (R) kjenner godt til ordninga. I mange år jobba han i selskapet Domstein Fish som tok i mot avfall frå linebåtar.

Om fiskarane må betale for å levere frå seg søppelet dei sopar med seg, forsvinn eit viktig insentiv i miljøkampen, seier han.

– Oppryddingsarbeidet i havet og på havbotnen vert sett alvorleg tilbake, seier han.

Også skipper Stig-Jarle Ervik er redd utfasinga gjer at meir søppel vert liggjande att i havet.

– Eg fryktar at mange då lar vere å ta med seg avfall. Det er ingen som har lyst å bruke fritid og pengar på andre sitt søppel.