Hopp til innhold

Stig fryktar å bli tvungen til køys

MÅLØY (NRK): Fiskarane har fått pålegg om tvungen arbeids- og kviletid. - Vi kan ikkje sove når vi er ute og skal fiske, seier Stig Oldeide.

Stig Oldeide

OPPGITT: Stig Oldeide frå Måløy fryktar strenge reglar ikkje heng saman med praktisk fiske.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

.– Når du fiskar så kan ikkje du berre drage opp reiskapen og gå og legge deg, seier Stig Oldeide.

Oldeide har vore fiskar i ein mannsalder. Men no opplev han noko nytt. For nyleg har fått nye reglar for arbeids og kviletid: Minst 10 timar kvile i løpet av 24 timar, og den eine kvileøkta skal vere minst 6 timar samanhengande.

Oldeide meiner regelverket ikkje heng saman med kvardagen på fiskebåt:

– På mindre båtar må alle vere i arbeid til ein går i land med fisken. Folk kan ikkje legge seg til å sove.

– Dette blir utfordrande

Det er Den Internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO) som har laga konvensjonen for arbeids- og kviletid for sjøfolk. Reglane, som også gjeld fiskarar, er ratifisert av Stortinget.

Regelverket vart gjeldande i november 2017, men leiar i Norges fiskarlag Kjell Ingebrigtsen tvilar på nytta:

– Vi vil sjølvsagt ha best mogleg sikkerheit, men dette kan tvert om auke arbeidspresset.

Kjell Ingebrigtsen på fiskekai

KRITISK: Fiskarlaget sin leiar Kjell Ingebrigtsen.

Foto: Norges Fiskarlag/Jan-Erik Indrestand

Ingebrigtsen seier ein fiskar aldri veit sikkert når arbeidsdagen er over:

– Ein må trekke det bruket som er der. Ein kan ikkje stå og kike på klokka og seie at no må ein legge seg.

Men ulukker skjer lettast når ein er trøtt?

– Det tek fiskarane innover seg kvar dag. Eg føreset at fiskarane kjenner signala frå kroppen, seier Ingebrigtsen.

Føreset at fiskarane held seg til reglane

Årleg er det nær 80 personskadar i fiskerinæringa. I snitt mistar 7 fiskarar livet årleg.

Underdirektør Yngve Folven Bergesen i Sjøfartsdirektoratet meiner reglane er fornuftige:

– Fiskaryrket er eit av dei farlegaste yrka. Når folk jobbar lenge blir ein trøytte og mindre merksame. Ein skal kvile for å vere trygg.

Bergesen seier reglane har vore til stades før gjennom andre lover og føresegner:

Reketråler

FARLEG: Fiskaryrket er spesielt ulukkesutsett på mindre båtar.

Foto: Odd Rømteland / NRK

– Men det er mykje som tyder på at fiskarane ikkje har halde seg til desse reglane, og vi har heller ikkje hatt fokus på kontrollar.

Kva om ein har mykje fisk i garna, og så er kviletida der?

– Vi føreset at fiskarane planlegg fisket sitt, samstundes er der opning for å bryte reglane for å berge fangst.

Kor lett blir det å kontrollere kviletida?

– Fiskarane skal dokumentere kviletida, men står fritt til å finne løysingar på korleis.

Vil kome fiskarane i møte

Sjøfartsdirektoratet og Fiskarlaget har nyleg hatt møter om korleis reglane kan tilpassast fiskeria. Stig Oldeide er spent på om det let seg gjere:

– Fiskarane sin arbeidsdag passar ikkje alltid inn i eit A4 regelverk.