Stifta nytt lokallag

Torsdag vart dei tre lokallaga Radøy Frp, Lindås Frp og Meland Frp avvikla, og Alver kommune sitt første lokallag, Alver Frp, vart danna. Det skriv avisa Nordhordland. Dermed er Framstegspartiet det første partiet som slår seg saman før Lindås, Radøy og Meland blir til Alver kommune frå 2020. – Når vi rekna oss tilbake frå valet i 2019 viste det seg at vi måtte gjere dette no for å starte arbeidet med å finne ut kven som skal stille til val for Alver kommune, seier leiaren for det nystifta lokallaget, Dag Erik Hagesæter.