Sterke reaksjonar på Kinn-bråket: – Lite sømeleg politisk åtferd

Mangeårig Sp-leiar Liv Signe Navarsete reagerer sterkt på at varaordførar og partifelle blei fråteken løna over natta. – Politikken er ingen søndagsskule. Det kan eg skrive under på. Men eg har aldri høyrt om noko slikt før.

Navarsete

SVÆRT KRITISK: Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) meiner bråket øydelegg tilliten og omdømmet til politikarane.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Navarsete har som politikar sjølv fått erfare kor tøft det politiske livet kan vere. Men det som vi no er vitne til i Kinn, har ho verken personleg eller høyrt andre har opplevd.

– Det gir ingen god smak i munnen, og det er lite sømeleg politisk framferd, seier stortingsrepresentant Navarsete.

Har vekt sterke reaksjonar

Det var tysdag kveld at Ap, Venstre og Høgre presenterte den nye samarbeidsavtalen som sikrar konstellasjonen fleirtal i kommunestyret.

Samstundes som Ap vraka avtalen med Sp, reduserte dei òg løna til varaordføraren frå Sp med kring 570.000 kroner – frå 632.000 til 50.000 kroner. I staden har det nye fleirtalet valt å bruke pengane på sine eigne utvalsleiarar.

Avgjerda om å setja varaordføraren til sides har skapt sterke reaksjonar over heile landet. Blant dei som reagerer er ordførar i Salangen, Sigrun Wiggen Prestbakmo (Sp):

– Det er rystande, rett og slett. Har ikkje sett på maken. Der vert det vanskeleg å rekruttere nye folkevalde etter kvart, skriv ho på Facebook.

Sidsel Kongsvik

PERMISJON: Varaordførar Sidsel Kongsvik (Sp) mister det meste av godtgjersla etter at Ap vraka samarbeidsavtalen med Sp i Kinn.

Foto: RAGNE B. LYSAKER / SENTERPARTIET

– Sparken for open mikrofon

Varaordførar Sidsel Kongsvik (Sp) har tatt permisjon frå jobben sin i Nav.

– Kjenner at akkurat no, med så mange tankar og kjensler i sving, så blir det feil å uttale seg, skreiv Kongsvik i ei melding til NRK onsdag.

Professor i offentleg rett ved Universitetet i Bergen, Jan Fridthjof Bernt, ser ikkje vekk frå at det er ulovleg å kutte så kraftig i godtgjersla. Og leiar i Kinn Sp, Nils Myklebust, vil undersøke om avgjerda er lovleg.

– Ho får nærmast sparken for open mikrofon. Dette er simpelt og nedrig, seier han.

Ola Teigen

FORSVARAR: Ordførar Ola Teigen (Ap) meiner det er betre å bruke pengane på eigne folk enn ein varaordførar frå opposisjonen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sjølv forsvarar ordførar Ola Teigen (Ap) den nye avtalen.

– Vi meiner at i staden for å ha ein opposisjonspolitikar i 80 prosent frikjøp, er det betre at posisjonspartia som tar ansvaret for å styre kommunen får pengane. Det handlar om å ta vare på kommunen og innbyggarane.

– Vert vanskeleg å samle kommunen

Ifølgje Navarsete er det ikkje uvanleg at det politiske samarbeidet endrar seg i ein valperiode, men at avtalar om godtgjersler som sikrar deg levebrødet vert ståande ved lag.

Navarsete trur bråket i Kinn kan bidra til å svekke tilliten og omdømmet til politikarane. Samstundes trur ho det som no skjer vil bidra til å gjere det vanskeleg å få til ein velfungerande kommune.

– Dette må kallast det definitive samanbrotet for kommunesamanslåinga i Kinn. Det svært spesielt at dei gjer eit slik grep rett etter ei samanslåing, då det er viktigare enn nokon gong å samle det politiske miljøet.

Siri Sandvik

REAGERER: Kvinnepolitisk ansvarleg i Vestland Ap og varaordførar i nabokommunen, Stad, Siri Sandvik (Ap) reagerer på måten kollegaen vert behandla på.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Mogeleg at ein mann ville blitt behandla annleis

Også kvinnepolitisk ansvarleg i Vestland Ap, Siri Sandvik, reagerer på måten varaordføraren er blitt behandla på. Sjølv er ho partifelle med ordføraren i Kinn og varaordførar i nabokommunen Stad.

– Det at dei vel andre samarbeidskonstellasjonar då dei ikkje lenger klarer å vere samde, kan eg forstå. Men det spesielle er at dei i praksis tek frå varaordføraren all påverknad og arbeid over natta, på ein pressekonferanse.

Trur du dette hadde vore like lett å gjere om det var ein mann som sat som varaordførar?

– Det vert ei hypotetisk problemstilling. Men ein kan jo stille seg det spørsmålet. Det kan jo godt hende at dei hadde tenkt seg litt meir om viss det var ein mann.