Hopp til innhold

Reagerer mot KrFU-nestleiar sine utspel om abortforbod: – Skumle gufs frå fortida

Fleire ungdomsparti reagerer kraftig mot nestleiaren i KrFU, som meiner abort i prinsippet bør bli forbode i Noreg.

Ulrikke Torgersen, i Grønn Ungdom

GUFS: Ulrikke Torgersen i Grønn Ungdom kallar KrFU-arens utsegner «skumle gufs frå fortida».

Foto: Grønn Ungdom

Denne veka skreiv NRK om den avtroppande nestleiaren i Kristeleg Folkepartis Ungdom, Joel Ystebø, som ønskjer forbod mot abort i Noreg.

– Eit ufødd barn i veke 0, 6, 18 eller 40 har i prinsippet den same verdien. Eg ser føre meg at det ikkje skal vere lovleg med abort i Noreg, med mindre det er enkelte tilfelle med valdtekt, incest eller fare for mors liv, sa han.

Etter desse fråsegnene frå Ystebø er reaksjonane sterke frå andre ungdomsparti.

Les også: KrFUs nestleiar inspirert av USA – ønsker abortforbod i Noreg

Joel Ystebø
Joel Ystebø

– Kvinnefiendtleg

Leiar Alberte Bekkhus i Raud Ungdom meiner utspela til Ystebø høyrer heime i ei anna tid.

– Det er ganske hårreisande å lesa slike ting i 2022. Det er kvinnefiendtleg. Det er utdatert. Det er haldningar som høyrer heime for fleire hundre år sidan, seier Bekkhus.

Joel Ystebø gir seg i haust både som KrFU-nestleiar og bystyrepolitikar for Bergen KrF. Leiaren i KrFU, Hadle Rasmus Bjuland, støtta ikkje abortutspelet hans.

Likevel meiner Bekkhus at det at Ystebø uttrykker denne meininga er relevant for den offentlege debatten om abort i Noreg.

– Det viser kva slags haldningar som florerer, og som eksisterer i det politiske landskapet, seier Bekkhus.

Alberte Tennøe Bekkhus, Rød ungdom

OPPRØRT: Leiar Alberte Bekkhus i Raud Ungdom meiner utspela til KrFUs nestleiar er hårreisande, kvinnefiendtlege og utdaterte.

Foto: Ihne Pedersen

Berre eitt avslag før veke 18

Noreg har sjølvbestemt abort fram til og med 12. svangerskapsveke. Frå veke 13 må kvinnas høve til abort avgjerast av ei nemnd. Etter veke 18 er kriteria endå strengare.

I fjor var over 95 prosent av dei 10.841 utførte abortane i Noreg bestemt av kvinnene sjølve, altså før veke 13.

Under 5 prosent vart avgjort av nemnder. Berre ti abortsøknadar vart endeleg avslått i nemnd. Ni av desse var etter 18. svangerskapsveke og berre éin før.

Sjå detaljert statistikk i faktaboks nedst i saka.

Raud Ungdom meiner grensa for sjølvbestemt abort bør gå ved 22. veke.

Medan AUF ønsker å avskaffa abortnemndene og sikra fri abort til veke 18.

Abortpille

ABORTPILLER: 95,3 prosent av dei sjølvbestemte abortane i Noreg i fjor vart utført medikamentelt.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

– Skremmande

Utsegnene frå nestleiaren i KrFU får nestleiar i AUF, Gaute Børstad Skjervø, til å sjå raudt.

– Desse utspela er grove angrep på norske kvinner sine grunnleggande menneskerettar. Det er skremmande at ein kan bli nestleiar i KrFU med desse haldningane, seier Børstad Skjervø og fortset med:

– KrF og KrFU må spørja seg kva som gjer at personar med denne typen ekstreme haldningar til kvinners sjølvbestemming får maktposisjonar i partiet. Eg vil oppfordra KrFU til å gå i seg sjølv for å sjå kva verdigrunnlag som finst i organisasjonen, seier han.

Gaute Skjervø (Ap)

REAGERER: Gaute Børstad Skjervø, leiar i AUF, reagerer kraftig på utspelet.

Foto: Levanger kommune

– Frys på ryggen

Talsperson Ulrikke Torgersen i Grønn Ungdom, reagerer like krast mot Ystebø.

– Dette er riv, ruskande gale og får meg til å frysa på ryggen. Det er skumle gufs frå fortida som lever i beste velgåande i KrFU.

At dette florerer i hovudet på enkelte i politikken er endå eit bevis på at kvinner framleis ikkje eig si eiga livmor. Det var likevel positivt at leiaren i KrFU ikkje stilte seg bak dette, meiner leiar Jannicke Unsgaard i partiet Feministisk Initiativ (FI).

Joel Ystebø

JA TIL LIVET: – Å fjerna abortnemndene vil vera å ta frå dei ufødde barna det vesle rettsvernet som er igjen i lovverket, seier Joel Ystebø i KrFU.

Foto: Lene Tronrud

Etisk dilemma

Ystebø meiner abortspørsmålet bør diskuterast på sakleg vis.

– Dette er krevjande etiske dilemma som høyrer heime i siviliserte, gode og opplysande diskusjonar, seier han.

Han understrekar at han er avtroppande politikar og ikkje uttaler seg på vegner av partiet.

– Dette er mine analysar. KrF og KrFU si programformulering om større rettsvern for dei ufødde barna er litt rund fordi den rommar ulike syn på korleis det bør sjå ut i praksis, seier Ystebø.

– For dårleg oppfølging

Å utvida retten til sjølvbestemt abort, som Stortinget skal ta stilling til i juni, meiner han uansett er feil veg å gå.

– Å fjerna nemndene er å ta frå dei ufødde barna det vesle rettsvernet som er igjen i lovverket.

Han meiner det heller er viktig å styrka oppfølginga for dei som har tatt abort eller vurderer å gjera det.

– Oppfølginga har vore for dårleg i Noreg. Utfordringa er at abort er blitt så akseptert i kulturen og lovleg politisk at oppfølginga for dei som kanskje angrar eller får medisinske komplikasjonar manglar, meiner han.