Hopp til innhold

Sterke reaksjonar etter saka om Thea som blir forfølgt av mannen ho møtte

For tiande gong er saka mot mannen som følger etter Thea lagt bort. No får ho støtte etter å ha fortalt si historie. – Det gjer vondt å lesa, seier justisministeren.

forfulgt kvinne i Bjørnafjorden

MÅTTE FLYTTE: Det tilfeldige møtet i ein park for to år sidan blei til eit mareritt for Thea.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Kvinna i Bjørnafjorden blei i to år trakassert og forfølgt av ein mann ho tilfeldig møtte i ein park.

Gong etter gong har saka blitt lagt bort av politiet.

Det gjorde at politiet til slutt sat igjen med svært få tvangstiltak dei kunne bruka mot mannen.

Samstundes var han for frisk til at helsevesenet kunne tvangsinnlegga han.

Dermed fekk mannen halda på.

– Eg trudde me hadde eit greitt system her i Noreg, som skal hjelpa når ein hamnar i slike situasjonar. Det er tydeleg at det ikkje fungerer, uttalte Thea til NRK måndag.

– Me kan ikkje berre sjå på

Saka har skapt sterke reaksjonar inn på Stortinget.

– Denne saka strir mot rettskjensla, og viser at rettsvernet til personar som Thea er for svakt, seier leiar i justiskomiteen på Stortinget, Lene Vågslid (Ap).

Arbeidarpartiet meiner bruken av omvendt valdsalarm må aukast. I tillegg krev partiet ei full gjennomgang av lovverket.

– I fleire saker dei siste åra har vi fått døme på at personar er for friske for psykiatri, men for sjuke for straffesak og eventuelt fengsel. Det må ryddast opp i, seier Vågslid.

– Me kan ikkje berre sjå på denne situasjonen.

Lene Vågslid (Ap)

KREV FULL GJENNOMGANG AV LOVVERKET: Lene Vågslid i Arbeidarpartiet seier at saka strir mot rettskjensa, og viser at rettsvernet til personar som Thea er for svakt.

Foto: Bård Nafstad / NRK

– Forferdeleg vondt

Vågslid får støtte frå justispolitisk talsperson i SV, Petter Eide. Også han ønskjer ei full gjennomgang.

– Det er forferdeleg vondt å høyra om denne kvinna. Når ein ser så tydelege døme på hendingar som fell utanfor det lova har som intensjon å fanga opp, er det naturleg at me ser på lovverket.

Mannen som mellom anna forsøkte å henta dottera til Thea på skulen, er for sjuk til å straffast, men for frisk til å kunne dømmast til tvungent psykisk helsevern.

– Saka fell mellom to stolar. Då har me utfordringar, rett og slett, seier påtaleleiar i Vest politidistrikt Gunnar Fløystad.

Når det ikkje er grunnlag for å ta ut tiltale, mister også politiet moglegheita til å varetektsfengsla og følga saka opp vidare med bruk av tvangstiltak.

– Ville det vore hensiktsmessig for politiet, slik du ser det, å fått ein utvida verktøykasse i slike saker?

– Med det for augo å lettare kunne forfølga saker i grenseområdet, så er det nok det riktig, ja.

Jenny Klinge i Sp.

SPØRSMÅL: Jenny Klinge i Senterpartiet har send spørsmål til statsråden der ho ber regjeringa sjå på lovverket for å kunne verna samfunnet mot plagsame og mogeleg farlege personar.

Foto: Heiko Junge / NTB

Krev svar frå justisministeren

Grenseområdet han snakkar om ligg mellom straffelova og psykisk helsevernlova.

Etter å ha lese saka om Thea ber no første nestleiar i justiskomiteen, Jenny Klinge (Sp), regjeringa om å rydda opp i dette grensefeltet.

Ho har sendt skriftleg spørsmål til statsråden. Der ber ho regjeringa sjå på lovverket for i større grad å kunna verna samfunnet mot plagsame og antatt farlege personar.

– Me kan ikkje ha eit lovverk som abdiserer straks det oppstår ei vanskeleg problemstilling. Me skal passa på at me ikkje straffar folk som er sjuke. Men me også passa på at folk ikkje blir plaga vitet av.

Pressekonferanse om regjeringens tredje krisepakke

– TRAGISK: – Det er tragisk at politi- og påtalestyresmakta vel å prioritera gjerningspersonen sine rettar framfor Theas rett til tryggleik i kvardagen, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug.

Foto: Stian Lysberg Solum

Listhaug:– Uforståeleg

Politiet meiner det er tvil om mannens psykiske helse, og la bort ni saker om brot på besøksforbod.

Måndag denne veka fekk Thea det tiande vedtaket i posten om at ei politisaka var lagt bort.

– Frp meiner at samfunnet først og fremst skal beskytta ofra, ikkje overgriparane og forbrytarane. Det er uforståeleg for oss at det prinsippet ikkje gjer seg gjeldande i saker som dette, seier partileiar Sylvi Listhaug.

I likskap med Ap meiner Frp at bruken av omvendt valdsalarmen må aukast betrakteleg.

Per september 2020 finst det berre 34 rettskraftige dommar på omvendt valdsalarm sidan 2013.

Listhaug understrekar at dersom retten kjem til at vedkomande ikkje kan straffast, må alternativ vera ein form for tvungen behandling.

– Det er tragisk at politi- og påtalestyresmakta vel å prioritera gjerningspersonen sine rettar framfor Theas rett til tryggleik i kvardagen, konstaterer Listhaug.

Høring i Stortinget om salg av Bergen Engines

– GJER VONDT: Justisminister Monica Mæland (H) seier det gjer vondt å lese Thea si historie.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Slike saker viser at me ikkje er i mål

– Det gjer vondt å lesa ei slik historie. Ingen skal bli utsette for den typen terror berre fordi ein forsøker å hjelpa, og ingen skal føla på den maktesløysa fordi ingenting skjer, uttaler justisminister Monica Mæland (H) til NRK.

Statsråden understrekar at ho ikkje kjenner saka utover det NRK har omtalt.

– Sjølv om mykje er gjort dei siste åra for å forbetra regelverket, viser saker som denne at me ikkje er i mål, seier Mæland.

Justisminister deler Ap og Frps syn om at domstolane i større grad må nytta omvendt valdsalarm som straff.

Statsråden meiner politiet må få makt til å ilegga omvendt valdsalarm i tilfelle som ikkje når domstolen, eller tilfelle der besøksforbodet blir brote.

I fjor stramma regjeringa inn lovverket for å unngå at sjuke personar skal kunne terrorisera andre utan at det gir konsekvensar.

Justisministeren poengterer at endringane gir påtalemakta høve til å reisa sak om tvungen psykisk helsevern for utilreknelege personar som gjer seg skuldig i gjentatte lovbrot av særleg plagsam art.

– Desse føresegnene vil vera aktuelle overfor utilreknelege som forfølger ein annan på ein måte som er eigna til å framkalla frykt.