Hopp til innhold

Stort engasjement rundt vegvesenet sitt val av trasé for E39

– Tar ikkje omsyn til regional utvikling, meiner Alfred Bjørlo som er ordførar i Eid etter at Vegvesenet la fram sine planar for E39 i framtida.

Bjørlo og Kleppa

I DISKUSJON: Eid-ordførar Alfred Bjørlo og samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Reaksjonane lar ikkje vente på seg etter at Statens vegvesen la fram sitt forslag til kvar E39 skal gå i framtida.

Forskjellsbehandlar

Magnhild Meltveit Kleppa og Terje Moe Gustavsen

OVERLEVERT RAPPORT: Vegdirektør Terje Moe Gustavsen overleverte vegvesenet sitt forslag til ny E39.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Ordførar Alfred Bjørlo meiner Statens vegvesen forskjellsbehandlar Sogn og Fjordane frå andre fylke ved å velje forslaget som går gjennom Stryn.

– I fylka nord og sør for Sogn og Fjordane har dei lagt vekt på regional utvikling, på korleis dei ulike løysingane utviklar dei ulike regionane.

Bjørlo er ikkje nøgd med korleis Statens vegvesen har argument for trasévalet.

– Her ser ein berre på kva som er den kortaste reisetida gjennom fylket. Dette må ikkje fylket godta, at vi blir behandla på ein annan måte enn resten av landet.

Glede i Stryn

Men i Stryn har pipa ein annan låt. Der er ordføraren godt nøgd med planane Statens vegvesen presenterte i dag og trur forslaget vil gje gode ringverknader.

– I forhold til at det er tatt omsyn både til reisetid og kostnader, og det samfunnsmessige totalbilete, synest eg dette er veldig positivt, seier ordførar Sven Flo.

Samferdsleministeren var i dag tydeleg på at det er politikarane som skal bestemme dette etter ein grundig høyringsprosess. Alt ligg dermed til rette for eit politisk basketak.

– Vi må halde oss til fagstyresmaktene og så håpar eg at vi kan få ein god og ryddig diskusjon på korleis vi best mogeleg kan løyse dette, seier Flo.

Stor diskusjon

Også på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane har debatten gått heitt føre seg. Føl diskusjonen på nettartikkelen.