Hopp til innhold

Tok til tårene etter brotet

Sterke reaksjonar etter at Høgre overtar vervet som fylkesordførar.

Video Fylkesordføreren føler seg sviktet

SJÅ VIDEO: Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (KrF) i Hordaland reagerer sterkt på forhandlingane som enda med at ho misser vervet som fylkesordførar. Ho tar til tårene når ho snakkar om det som har skjedd.

Torild Selsvold Nyborg (KrF) er skuffa og tydeleg prega når ho møter NRK dagen etter at det blei klart at ho misser vervet som fylkesordførar i Hordaland til Høgre .

Klokka 19 onsdag kveld tok Torill Selsvold Nyborg i mot Frp og Høgre på fylkesordførarkontoret. Men i staden for å diskutere politisk plattform for dei neste fire åra fekk den sittande fylkesordføraren oppseiinga rett i fleisen.

Skuffa over «utestenging»

– Her har dei snakka saman, sjølvsagt. At dei skulle utestenga KrF i heilt opne forhandlingar, det syns eg var veldig rart. På den måten er eg litt skuffa over dei. Det var ikkje mykje vi hadde å snakka om i går, for då hadde dei allerede gjort ein avtale, seier Selsvold Nyborg.

Etter avklaringa i går må ho om kort tid overlata ordførarkjedet til Tom-Christer Nilsen.

– Grunnen til at KrF måtte gå var at dei stod for steilt på sitt, seier Tom-Christer Nilsen (H).

Les og: Fylkesordføraren veit ikkje kva ho skal gjera no

Valekspert Terje Knutsen meiner avtalen om ny fylkesordførar kan sjåast i samanheng med at Terje Søviknes får halda fram som ordførar i Os .

Høgre-veteran slår tilbake

Stortingsrepresentant Øyvind Halleraker (H) slår tilbake mot den sitjande fylkesordføraren.

Han minnar om at Selsvold Nyborg sjølv har bytta ut politiske samarbeidspartnarar fleire gonger.

– Dette er ikkje noko politisk maktspel, slik det blir framstilt. Dette er eit uttrykk for at den politiske makta har endra seg etter valet, og det må få konsekvensar. Det er derfor vi har demokrati og valg, seier Halleraker til bt.no .