Hopp til innhold

Aldri registrert færre ærfuglar enn no

Ærfuglbestanden i Vestland har gått tilbake 75 prosent siste 20 åra. Arten vart totalfreda i 1951, og er globalt oppført som nær truga på raudlista.

Ærfugl

PÅ RAUDLISTA: Aldri før har ærfuglbestanden vore så låg som no.

Foto: Knut-Sverre Horn

– Vi har aldri registrert så låg ærfuglbestand som no, seier fagdirektør Stein Byrkjeland hos statsforvaltaren i Vestland.

Ved siste oppteljing talde Statsforvaltaren 696 hannar i overvakingsområdet utanfor Hordaland. Det er det lågaste talet som er registrert sidan overvakinga starta i 2000.

– Arten står no på raudlista, og det er eit dårleg teikn, seier Byrkjeland.

Stein Byrkjeland frå Fylkemannen

UROA: Stein Byrkjeland er fagdirektør hos statsforvaltaren i Vestland.

Foto: NRK

Nedgang langs heile kysten

Det er ikkje berre i Vestland at Ærfuglbestanden går ned , det skjer i store deler av dei kjende ærfuglområda.

– Også i Nord Noreg er det dramatisk tilbakegang, det same ser vi i Østersjøen, seier ornitolog Alv Ottar Folkestad.

Han seier ein i litteraturen kan finne tilsvarande dramatiske tilbakegangar også tidlegare. Blant anna i stillehavsdelen av Russland på 1950-talet,

– Vi har ikkje sett det i Noreg, men slike dramatiske tilbakegangar har skjedd også tidlegare både i Storbritannia og Østersjøen, seier Folkestad

Les også: Håper ny plan skal berge ærfuglen: – Internasjonalt problem

Ærfugl
Ærfugl

Næringssvikt

Hjå statsforvaltaren trur Byrkjeland at næringssvikt kombinert med fleire andre uheldige faktorar kan vere forklaringa på tilbakegangen vi no ser.

– Næring for ærfuglane er i stor grad blåskjel. Noko har svikta med blåskjela og ærfuglen responderer negativt på det.

Folkestad på si side trur ikkje at tilbakegangen ikkje kan tilskrivast næringssvikt og peikar på at ærfuglen er nærast altetande.

– Ved tidlegare tilbakegangar, blant anna i Russland, har det synt seg å vere kraftige parasittangrep som har vore årsaka.

Alv Ottar Folkestad på Runde

DRAMTISK: Ornitolog Alv Ottar Folkestad, her fotografert under eit besøk på Runde.

Foto: Monika Blikås, NRK

Trur bestanden vil ta seg opp igjen

Sjølv om den norske ærfuglbestanden no er nede i ein kraftig bølgedal, er ornitologen optimistisk med tanke på at den vil ta seg opp igjen.

– Det er klart at for dei som er vant med å ha ærfuglen rundt seg så opplevest det nok dramatisk. Men ein art som har såpass stor reproduksjonskapasitet som ærfuglen, den trur eg vil kunne ta seg opp igjen.

Fagdirektør Stein Byrkjeland hos statsforvaltaren er også optimistisk, men har likevel ei lita oppmoding til dei som ferdast på kysten.

– Går du i land på ein holme og skremmer ein ærfugl som ligg på reir, så blir det ikkje ungar der denne sesongen. Du må heller ikkje la hundar springe lause i hekkeområda.