Junior imponerte i seniorklassa

Johannes Thingnes Bø sikra seg pallplass i Norgescupen i skiskyting på laurdag.

Johannes Thingnes Bø

JUNIOR: Johannes Thingnes Bø har eigentleg tre år att som junior. Likevel presterte han svært godt under laurdagens sprint for seniorar på Geilo.

Foto: Anders Vonheim

Ungguten frå Stryn har eigentleg tre år igjen som junior, men valde å prøve seg mot seniorane i helga. Det angrar han ikkje på og han presterte godt i sesongopninga si.

Sterk tredjeplass

Med fire strafferundar klarte Johannes Thingnes Bø å gå inn til ein tredjeplass på Geilo. Han vart berre slått av Frode Andresen og Hans Martin Gjedrem.

– Det vart ein bra start. Eg var litt uheldig med dei ståande seriane, men elles er eg svært godt fornøgd med sprinten, seier Thingnes Bø.

Like bra gikk det ikkje i fellesstarten for seniorar som gikk av stabelen i dag. Der enda han som nummer 30.

– Du kan vel seie det slik at eg hadde eit løp som var stikk motsett av det som eg hadde i går. Alt svikta, både på standplass og i løypa, fortel Thingnes Bø.

Hardtrening før NC for juniorar

Sjølv om søndagens fellesstart vart ein liten nedtur vel likevel stryningen å sjå lyst på det.

– Det er godt å få ein smekk i trynet av og til. Då skjønar ein jo at ein ikkje kan ligge på sofaen å kvile seg. Her må det trenast meir, og det skal eg gjere no når eg kjem heim, seier Thingnes Bø.

– Kva skal du jobbe meir med framover no da?

Håvard Gutubø Bogetveit

FJERDEPLASS: Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde gikk inn til ein fjerdeplass på fellesstarten i dag.

Foto: Anders Vonheim

– No blir det jo fyrst å fremst å vente på at snøen skal kome i Stryn slik at eg får byrje å gå på ski, men det er heilt klart at eg må prioritere skytetrening også.

Neste utfordring vert om to veker når Norgescupen for juniorar startar.

– Om eg kjem til å gjere det like bra som i fjor veit eg ikkje, men planen er jo sjølvsagt det. Eg går alltid for siger.

Fleire gode resultat på Geilo

Fleire andre utøvarar frå fylket presterte også godt i helga. Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde fekk fjerdeplass under dagens fellesstart for seniorar. I klassa jenter 15 år vann Miriam Voll frå Vik framfor Karoline Erdal frå Førde.