Stengjer vegar i natt

Fylkesveg 664 mellom Otterdal og Grodås i Hornindal blir stengd frå klokka 19 på grunn av rasfare. Då blir det også stengt på Navelsakerstranda på same fylkesveg. Begge stader blir det gjort ny vurdering fredag kl. 08.00.