Hopp til innhold

Stengjer veg for å rekonstruere ulukka

Politiet skal rekonstruere den alvorlege trafikkulukka på riksveg 5 i Erdalen i dag.

Ulukke i Erdalen

REKONSTRUKSJON: Politiet ynskjer å rekonstruere den alvorlege trafikkulukka ved Erdalen mellom Førde og Florø.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Rekonstruksjonen finn stad mellom klokka 0930 og 1130. Reisande kan rekne med stengingar på hovudfartsåra mellom sunnfjordbyane Florø og Førde.

Stine Mari Vårdal

POLITIOVERBETJENT: Stine Marie Vårdal etterforskar trafikkulukka der fem personar var involverte.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

– Det blir trafikkdirigering på staden, men ein må rekne med kø. Vi gjer dette for å skape eit best mogleg bilete av det som skjedde den dagen, seier politioverbetjent Stine Marie Vårdal ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

Trafikkulukka skjedde i slutten av mai, då to bilar frontkolliderte. Fem personar vart skadde i samanstøyten. Ein 19-åring og ein 24-åring vart sendt til høvesvis St. Olavs Hospital i Trondheim og Haukeland i Bergen med alvorlege skader.

Tre personar kom frå ulukka med lettare skader.