Stengjer fylkesveg grunna rasfare

Fare for ras gjer at Vegvesenet torsdag morgon har valt å stengje vegen inn til den vesle bygda Menes i Balestrand.

Ras sperrar vegen til Menes i Balestrand

VANLEG: Innbyggjarane i den vesle bygda Menes i Balestrand er ikkje uvande med at det går ras på vegen. Dette biletet er frå februar i fjor.

Foto: Arnstein Menes

Fylkesveg 152 til Menes vart like før klokka halv ni stengd på grunn av rasfare. Kor lenge vegen vil vere stengd kan ikkje Vegvesenet svare på, men så lenge det er mildt er det vêr og vind som styrer, frå NRK opplyst ved Vegtrafikksentralen.

Denne vegen er svært rasutsett og kvar vinter er den stengd fleire gonger på grunn av ras eller rasfare.

Ber folk vere obs på isras

Mildvêret fører også til at det ramlar ned is fleire plassar. NRK fekk mellom anna tips frå Terje Solvang som tidleg torsdag morgon møtte på to isras på vegen mellom Olden og Loen.

– Isen er like hard som stein. Det går fint å passere, men det er så store ismengder at om du møter bilar der kan du kome til å køyre inn i isen og øydelegge bilen sin, seier Solvang som ber folk vere forsiktige.

Oppmodinga om å vere forsiktig kan statsmeteorolog Anna Reistad ved Vêrvarslinga på Vestlandet skrive under på.

– Nedbøren gjer til at der det før har vore ganske tette veggar med is, der kan det brått berre rase ned. Ein må vere veldig forsiktig, seier Reistad.

Ho seier det truleg vil vere fleire som kan møte på isras.

– Folk må køyre forsiktig, og vere obs på at det kan kome ned noko, særleg i bratte skråningar, seier Reistad.

Vinden herjar i fjellet

Vêret fører også til andre problem langs vegane. Fleire stader fører nullføre til vanskelege køyreforhold, NRK har mellom anna fått melding frå ein bilist om at det er svært glatt på riksveg 5 i Sogndalsdalen.

Statens vegvesen oppmodar også store køyrety om å bruke kjetting når dei skal over riksveg 52 Hemsedalsfjellet.

På fleire fjellovergangar har vinden skapt problem i morgontimane og torsdag føremiddag. På fylkesveg 50 Hol-Aurland har det vore redusert sikt på grunn av snøfokk, og Statens vegvesen melder klokka 11.37 at dei har valt å innføre kolonnekøyring på grunn av vanskelege køyreforhold.

På fylkesveg 53 Årdal-Tyin er det også redusert sikt på grunn av snøfokk. Her kan det bli stengd på kort varsel, melder Vegvesenet.