Det er stengde fjellovergangar fleire stader i Noreg onsdag morgon. På to av dei store aust-vest-vegane er det kolonnekøyring.
– Det er litt usikkert kor lenge det må vera kolonnekøyring, seier Oliver Hatland Iversen, trafikkoperatør hjå Vegtrafikksentralen.
Dette er status klokka 16.30 onsdag for fjellovergangane i Sør-Noreg som er stengde eller har kolonnekøyring:
- E134 Haukeli: kolonnekøyring grunna uvêr.
- Rv53 Årdal – Tyin: vart opna for fri ferdsel klokka 11 etter stenging.
- Fv27 Venabygdsfjellet: er no open etter stenging.
- Fv45 Byrkjedal på strekninga Ålgård – Svartevatn: stengt på grun av trafikkuhell.
- Fv13 Gaularfjell: Vinterstengt.
- Fv55 Sognefjellet: Vinterstengt.
Vegtrafikksentralen har ikkje fått meldingar om spesielt glatt føre på dei andre fjellovergangane, men ber likevel folk om å køyra etter forholda.
I Nord-Noreg er det ingen stengde fjellovergangar som følgje av uvêr.