Hopp til innhold

Bergen seier nei til reservasjonsretten

Med 41 av 67 stemmer sa Bergen bystyre nei til reservasjonsretten. Bystyret meiner også at staten må ta avgjerda.

Bystyret i Bergen

DISKUTERER NO: Bystyret i Bergen debatterer reservasjonsrett mot abort for fastlegar.

Foto: Sølve Rydland / NRK

SISTE: Bergen bystyre seier nei til reservasjonsrett for fastlegar. Under dagens bystyremøte stemte 41 av representantane mot reservasjonsretten, medan 26 ikkje ville ta stilling.

Regjeringa har sendt spørsmålet om reservasjonsrett mot abort for fastlegar ut på høyring, og det var det bystyrepolitikarane diskuterte i bystyret

Meiner regjeringa må ta avgjerda

På førehand hadde byrådet i Bergen sagt at avgjerda om reservasjonsrett må regjeringa ta. Også eit samrøystes bystyre var samde i dette.

Deretter stemte bystyret over forslaget frå Arbeidarpartiet, Venstre og Framstegspartiet sitt forslag, som foreslo at Berge kommune avviser reservasjonsretten.

Fleirtal

Forslaget fekk altså fleirtal i bystyret, med 41 stemmer. Desse stemte i mot reservasjonsretten:

  • Raudt: To stemmer
  • Sosialistisk venstreparti: Tre stemmer
  • Byluftslista: Ei stemme
  • Miljøpartiet dei grøne: Ei stemme
  • Senterpartiet: Ei stemme
  • Høgre: Åtte stemmer
  • Venstre: Fem stemmer
  • Framstegspartiet: To stemmer
  • Arbeidarpartiet: 18 stemmer.

Det betyr at Bergen kommune offisielt er mot reservasjonsretten mot abort for fastlegar.

Denne veka skal saka opp i ei rekke Høgre- og Frp-styrte kommunar. Mellom dei hordalandskommunane som allereie har sagt nei til reservasjonsretten, er blå kommunar som Askøy, Os og Meland.

Frp splitta i spørsmålet

Framstegspartiet i Bergen er eit av partia som er splitta i spørsmålet. Frp-politikar Morten Myksvoll var ein av dei som vil gå lenger enn byrådet og ba Bystyret om å ta avstand frå ordninga.

– Slik eg har høyrt det så er det åtte representantar frå åtte parti som vil støtta eit nei til reservasjonsretten. Men om det blir fleirtal, det står igjen å sjå, sa Myksvoll før debatten byrja

– Kva er grunnen til at du går i mot reservasjonsretten?

– Eg meiner at fastlegar skal tilby det heile og fulle helsetilbodet. Det blir ein spennande og prinsipiell debatt for bystyret.

Etter avstemminga kunne Myksvoll sleppa jubelen laus på Twitter:

Laster Twitter-innhold