Hopp til innhold

Hordalendingar stemte mest i 2007

Sjekk råda så du ikkje gjer noko feil i dag.

Elin Solberg

Elin Solberg er valleiar i Bergen kommune.

Foto: Kristine Askvik / NRK

Valdeltakinga ved kommune- og fylkestingsvalet i 2007 var på 61,7 prosent. For fyrste gong sidan 1979 var det større valdeltaking samanlikna med lokalvalet fire år før.

Færrast sofasittarar i Hordaland

I 2007 var det Hordaland som hadde størst valdeltaking med 64 prosent oppslutnad. I Rømskog , Utsira og Fedje var det over 80 prosent som deltok ved valet. Færrast var det som stemte i Hammerfest og Målselv med ei deltaking på 51,2 og 51,4 prosent.

Her er folk tidleg ute

16,7 prosent av stemmene vart gjevne på førehand. I Hordaland, Oslo og Finnmark vart kvar femte stemte gjeven på førehand. 16 850 personar stemte blankt i 2007.

Sjekk valdeltakinga i ditt fylke frå 1995 til 2003

For å kunne stemme må du ha stemmerett og stå oppført i manntalet.

Lova krev at ein veljar som er ukjent for den som mottar stemma, skal legitimere seg.

Alle med stemmerett skal ha fått tilsendt eit valkort. På kortet står det opplyst kvar du skal stemme og når vallokalet ditt er opent på valdagen. Du treng ikkje å ha med valkortet, men det gjer det enklare.

Sjå reglane for valet her

Sjekk valdeltakinga i ditt fylke frå 1995 til 2003

Viss du har flytta i løpet av det siste året, er det grunn til å vere ekstra merksam. Du skal stemme i den kommunen som du var registrert busett i per 30. juni i år.

På kommunevallistene står nokon personar på kvar liste med utheva skrift. Desse får eit stemmetillegg. På fylkestingslistene har ikkje partia moglegheit til å gjere dette.

I både kommune – og fylkestingsval kan du setje eit kryss ved så mange kandidatar du vil og gje dei ei personstemme. Desse kandidatane kan da òg få stemmetillegg.

Frode Rasvik

Frode Rasvik er teknisk koordinator for stemmeopptelling i Bergen kommune. Totalt ni skannemaskiner skal skanne alle stemmene i Bergen i kveld. Maskinane kan skanne 40.000 stemmer i timen.

Foto: Kristine Askvik / NRK

Frå 2003 vart det slutt på å bruke konvolutt, så etter å ha valt liste og eventuelt sett nokon kryss, puttar du lista rett i stemmeurna.

Slik gjer du endringar på stemmesetelen.

Det er ikkje mogleg å stryke kandidatar verken i kommune - eller fylkestingsvalet, men i kommunevalet kan du føre på såkalla slengarar frå andre parti, syner den nye vallova som vart vedteken av Stortinget i 2003.