Sogndal Filmfestival fekk i rekordmange filmar i år. Heile 70 filmar er påmelde, noko som er 25 fleire enn i fjor.
DEI NOMINERTE: Du kan stemme på ni ulike filmar.
Foto: MontasjeAv desse har ein jury nominert ni filmar til «Publikumsprisen» der NRK Sogn og Fjordane stiller med premien. Den er eit kamera til ein verdi av 8000 kroner.
Dette er den sjuande filmfestivalen i Sogndal. 19 engasjerte elevar som går i 3. klasse på medium og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule er med på å arrangere festivalen.
Prisane blir delte under ein gallakveld i Sogndal kulturhus måndag 19. mars. Det blir delt ut prisar i åtte kategoriar: Publikumsprisen, Fagjuryprisen, Beste dokumentar, Beste fiksjon, Beste informasjon, Beste musikkvideo, Beste visuelle kunst og Beste junior.
Stem på din favoritt
Avstemminga er no avslutta. I kveld blir prisane delte ut under gallakvelden i Sogndal kulturhus. Vinnarane får du på nrk.no i løpet av kvelden.
Her kan du sjå alle dei nominerte filmane
Dagboka
Dagboka - ein fiksjonsfilm av Erik Nyland.
Emrik
Emrik - ein fiksjonsfilm av Bjørn Hegg-Lunde.
eXamen
eXamen - ein fiksjonsfilm av Sondre Utheim, Mats, Linda, Irene og Sondre CG.
Hvorfor er vi her
Hvorfor er vi her - Ein informasjonsfilm laga av elevar ved Sogndal folkehøgskule.
Kunstutsmykking
Kunstutsmykking - ein film av Kreativmedia UB Medialinja 2. klasse ved Sogndal vidaregåande skule.
Nomil
Nomil - ein reklamefilm av Tore Høsalmen.
Oddbjørn Litlabø
Oddbjørn Litlabø - ein musikkvideo av Silje Braastad, Martin Andreas, Janne, Hilde og Niclas.
This is my life: Hakkan Borlin
This is my life: Hakkan Borlin - ein fiksjonsfilm av Bård Basberg, Henning Skjetne og Magnus Davidsen.
Time Control
Time Control - ein fiksjonsfilm av Daniel Volle, VolleFilms.