Hopp til innhold

Populær turveg pepra av steinar

Eit større steinras stengjer gamle E16 over Stalheimskleiva. – Det rasar framleis, seier entreprenør.

Steinras på gamle E16 Stalheimskleivi

STENGD: Det har gått eit stort steinras på gamle E16 Stalheimskleivi i Voss herad.

Foto: Privatfoto

Vegen øvst i Nærøydalen er ein av dei mest populære turistvegane på Vestlandet. Frå heile verda kjem det folk hit for å oppleve verdsarvfjorden og den spektakulære vegen som slyngar seg opp den bratte fjellsida.

Roald Jordalen hadde nett sett seg til frukostbordet etter fjøsstellet, då han høyrde buldringa i retning Stalheimsfossen.

– Eg høyrde det var eit stort ras som kom. Ute på tunet såg eg ei svær støvsky, og då visste eg det var stort, seier han.

Stort ras

Jordalen sette seg i bilen og køyrde i retning staden der han våren 2020 åtvara fire turistar om å legge seg til i telt. I dag, som då, losna store steinar i fjellsida og dundra ned mot gamle E16.

Jordalen seier raset er stort.

Steinras på Stalheimskleivi

TURVEG: Sjølv om vegen er stengd for biltrafikk, veit mange å nytte området til turar. Til alt hell gjekk steinraset på eit tidspunkt der det ikkje var turgåarar.

Foto: Arne Veum / Aurlendingen

– Eg gjekk ikkje heilt fram, men det låg mykje stein i vegbana og ein del i elva, seier han og anslår at eit 20-tals steinar ligg spreidd på kring 100 meter av vegbana.

– Den største er vel eitt tonn eller to, seier han.

Kjartan Ringheim hos Presis Vegdrift seier steinblokka har losna frå 300–400 meters høgde, og det rasar framleis frå fjellsida.

– Det ligg nokre blokker att i fjellet, som vi håpar kjem ned naturleg, seier han.

Frykta folk kunne verte trefte

Sjølv om vegen er stengd lenger oppe , har ikkje området det no rasa i vore fysisk stengd for bilar. Tidlegare har parti av vegen rasa ut på grunn stor trafikk.

Steinras på Stalheimskleivi

KJENT: Det er tydeleg kvar steinblokka losna torsdag føremiddag.

Foto: Presis Vegdrift

Sjølv på denne tida av året veit folk å nytte seg av den spektakulære naturen og har parkert i området der det torsdag gjekk ras.

Det var også det Jordalen frykta, då han sette seg i bilen.

– No gjekk raset nokolunde tidleg på føremiddagen, og det er kvardag, så sjansane var mindre for at det stod bilar, seier han og legg til:

– Men det står jamt med bilar etter folk som følgjer turstien til Stalheimsfossen, seier han.

Ved 14-tida torsdag ettermiddag var Kjartan Ringheim hos Presis Vegdrift på synfaring i området. Han seier området framleis er farleg og åtvarar folk mot å ferdast i det populære turområdet.

– Før det kan opnast igjen så må de gjerast tiltak. Slik det er no er det for risikabelt å starte reinsking i fjellsida. Oppe i fjellsida er det sikker framleis lause steinar som kan kom når som helst, seier Ringheim

Byggjeleiar hos Statens vegvesen, Åge Fanebust, seier vegen er stengd, og at det ikkje blir gjort noko arbeid i området no.

Jordalen har inntrykk av at fjellpartiet er ustabilt no.

– Det ser ut til å framleis henge laus stein. Eg hadde ikkje reist fram no, seier han.

TURVEG: Før E16 vart lagt i tunnel på 1980-talet, var Stalheimskleivi ein del av hovudstrekninga mellom Aurland og Voss.