Hopp til innhold

Store steinar kom ned i vegbana

Det er no manuell dirigering på fylkesveg 609 mellom Stongfjorden og Askvoll. Søndag morgon rasa det stein ned i vegbana.

Steinras i Stongfjorden

STOR STEIN: Det har kome ned mykje små og ein stor stein på fylkesvegen i vegen mellom Stongfjorden og Askvoll.

Foto: Privatfoto

Vegtrafikksentralen i Bergen fekk melding klokka 0932 om steinraset. Som følgje av raset var vegen mellom Eidsfjorden og Ringstad ein periode stengd.

I 11-tida får NRK.no opplyst at det meste av steinen er fjerna, og at det er manuell dirigering på staden.

– Det er ingenting som tyder på at nokon er tekne av raset, men meldingane går ut på at det har kome ned ganske stor stein, truleg frå ein del høgde, fekk NRK.no opplyst ved VTS i Bergen.

Ein entreprenør er på staden. Ved Vegtrafikksentralen i Lærdal får NRK.no opplyst at vegen truleg blir opna for fri ferdsle om eitt par timar. Steinen har gjort noko skade på vegbana, og desse skadane må reparerast.